Hjulbeint med støttehjul

Publisert

Hjula tek oss snøgt fram. Bilar og bussar har framhjul og bakhjul og kanskje eit reservehjul attpå. Tog køyrer òg på hjul, og vanlege fly er ubrukelege utan landingshjul. På vatnet er det ikkje like naudsynt med hjul, men nokre av oss har reist med hjulbåt eller hjuldampar. Rokkehjulet er det derimot ikkje so lett å køyra med. Og som ordtaket seier: «Ein køyrer betre på to hjul enn på eitt.»

Hjul er eit kulturord, dei kallar: Det er eit «innlånt ord for eit (nytt) tilhøve el ein (ny) ting av kulturell art som blir spreidd over landegrensene» (Norsk Ordbok). Dei etymologiske hjulspora går langt attende: Ordet hjul skal koma av ei indoeuropeisk rot med tydinga ‘røra seg, dreia’. I germanske mål har ordet mestsom kløyvt seg i to hovudformer, og båe finst i norsk. Den eine forma er hjul (jf. norrønt, islandsk og færøysk hjól, dansk og svensk hjul), den andre er kvel (jf. norrønt hvel/hvél, islandsk hvel, færøysk hvæl, engelsk wheel, nederlandsk wiel). Norrønt hjól og hvel hadde dei same tydingane og vart nytta om einannan. Til dømes vart båe nytta om hjul som pine- og avrettingsreiskap (jf. «verta lagd på stegl og hjul»). I dag vert kvel helst nytta om hjul laga av ei heil skive (t.d. ein trekubbe), utan eiker.

Ei vogn trillar best på fire hjul, so det er leitt å kjenna seg som femte hjulet på vogna. Bilar køyrer òg best på fire hjul, men det hender visst at nokre går på to hjul i svingane, og slikt er beint fram farleg – i alle fall om føraren misser styringa og det kjem ein hjullastar midt imot. Å liggja på hjul (‘køyra, springa, lura like bak’) skal òg vera mogleg, men det er nok tryggare å sykla på trehjulssykkel i tunet eller slå hjul på plenen. Eller kva med å prøva pariserhjulet, lukkehjulet eller hjulvispen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement