JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hjort

Hjortekjøt kan ikkje forvekslast med noko anna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Heldigvis for ho er denne kolla skoten med kamera denne gongen.

Foto: Charles J. Sharp / Wikimedia Commons

4362
20181019
4362
20181019

Denne spalta skal handle om maten vår. Din og min mat. Berre ikkje i dag. For dette kjøtet er nesten berre mitt, og nett slik det hende denne gongen, kjem aldri til å hende att.

Det nokre tusen mål store terrenget er haustkledd. Frå ei våt, skoddedekt natt vaknar det til i oransje og brunt, det som eigentleg er vakkert, er òg litt i vegen: I slike fargar skjuler hjorten seg godt. Legg på lågt skydekke og nesten vindstille, så har hjortejegeren fått ei utfordring.

I nordenden av fjelltoppen snør det store, våte flak. Frå sørenden fyk ein liten regnbogeflik fort over havoverflata, men ikkje ein einaste hjort er å sjå. Ikkje så mykje som eit øyre, berre spor og drit, ferske, brune perler. Perlene er på den eine sida eit håp, dyra er her, ein eller annan stad. På den andre sida peikar dei nase til oss der dei ligg: Eg var her, ja, men no er eg ein heilt annan stad, for eg har full kontroll på dykk. Trur du de kan finne meg? Eg som kjenner dette terrenget så mykje betre og har så mykje skarpare sanseapparat enn de?

Inn i skogane

Nei, det er ikkje ein dag for fjelltoppane, det er dagen for å kome seg inn i skogane, og her er mange av dei. Kven skulle tru at skogane var så mangfaldige? Her, berre eit augnekast frå storhavet, kan dei vere bjørkeskogar, dei kan vere høge, rette furuer fulle av tømmer, eller knortete kystfuruer som veit å vende ryggen til vinden, her er blandaskog med osp og jammen ei og anna eik innimellom.

På flatene er det god plass mellom trestammane, greitt å gå, men inne i liene tettare, ikkje godt å vite kva som er over neste knaus, plutseleg ei steinur, eit lite dalsøkk, ein haug, lia er mange gonger større enn ho ser ut frå utsida. Vi må inn i dette, kan ikkje velje den enkle naturen no, det er vorte midt på dagen, og hjorten ligg, djupt inni her kviler han seg i slikt vêr, og det er bra, for her er grovt og vakkert.

Vi smyg. Mjuke trinn mot ujamt underlag. Kven treng innestengde studiotimar i zenmeditasjon når ein kan gå her og vere eitt hundre prosent medviten om kvart einaste steg – der er ein kvist som kan knekke, ei grein som kan slå attende, eg bremsar ho med handa – og samstundes ha 360 graders hjortesyn.

Han med rifla går framom, eg som enno er utan (det skal kome), går bak, eg stoppar når han stoppar, går når han går, det flyt heilt til han rykker til, eg slepper meg ned i lyngen, rifla kjem opp til andletet hans, så stille no, så smell det, han rører seg ikkje, eg rører meg ikkje, vi fann eit dyr, har skote ei kolle på 49 kilo slaktevekt.

Mat over skuldrene

Og det er no arbeidet byrjar. Vegen er langt unna. Vi kan dra dyret, fyrst oppover skogen, langs den klissvåte, sugande myra, over ei nærast flaumstor elv. Eller vi kan flå, partere, bere delane den same vegen. Det vert det siste. Av med skinn, føter, hovud, midt i lyngen gjer vi det, om å gjere å halde skrotten på skinnet, halde han rein.

Med ein bog dinglande frå kvar skulder og eit hovud i hendene går fyrste turen. Han tar låra. Tur nummer to ber vi saman – stikk ein liten bjørkestamme gjennom ribbekassen og ber han mellom oss til vegen. Herfrå har vi motorhjelp, ATV ned til sjøen, båt til kaia på bysida, bil heim. Heim med kjøtet vi skal ete i vinter. Som vi ikkje har kjøpt, men fangsta.

For eg kunne spart meg dei 19.575 skritta og 162 etasjane Iphone meiner eg har gått, og kjøpt akkurat det same kjøtet på butikken. Truleg ville det vore billegare. Hadde det smakt annleis? Nei, eg kan ikkje love at eg ville prikka det i ein blindtest.

Forhåpentleg vert minst 42.000 hjort skotne i perioden jakta varer – frå 1. september og fram til jul. Om snittvekt på kalv, bukk, kolle og fjordyr er 40 kilo, vert det kring 1700 tonn kjøt og bein. Det svarar til kjøtforbruket til drygt 23.000 nordmenn. Kjøtet er magert, mørkt og heilt spesielt – hjortekjøt kan verkeleg ikkje forvekslast med noko anna. Særleg ikkje om opplevinga sit i det.

Men likevel, sjølvsagt er dette kjøtet noko heilt anna. Ikkje berre som ei romantisk førestilling eller ei kjensle, men som røyndom, mitt liv, mine opplevingar, erfaringar, lærdom – om fjellet, skogen, nærmiljøet og omgjevnadene mine, om dyr, oppførsel, tankesett og anatomi, om meg sjølv og korleis eg rører meg i naturen og reagerer – og kva er mat, om ikkje akkurat dette?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette kjøtet er
nesten berre mitt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis