Er det lettare å hjernevaska ein teflonhjerne enn ein klisterhjerne? Det spørst kva me legg vekt på. Teflonhjernen yter kanskje minst motstand, men sidan lite eller inkje fester seg til han, kan ideane og meiningane me prøver å lura inn, vera gløymde neste dag. Den største føremonen med å ha teflonhjerne er kanskje at me kan sjå noko hjernedaudt på tv utan å ta skade av det?
Hjå oss menneske ligg hjernen i hovudskallen, men i språket er grensa mellom skalle og hjerne ofte uklår. Stundom brukar me skalle om beinskåla kring hjernen, andre gonger brukar me skalle om heile hovudet med innmat og alt. Denne flytande grensa er heilt i tråd med etymologien, for hjerne kjem av eit indoeuropeisk ord som tyder just ‘hovud, skalle’. Ja, hjerne er endåtil i ætt med ordet isse. Det skulle me radt ikkje tru, men sjå på desse norrøne formene: hjarni og hjarsi. I eldre dansk hadde det sistnemnde ordet former som jessæ, jesse og issæ. Det er der forma isse kjem frå. Former som jasse og jesse er òg registrerte i norske målføre. Me som skriv nynorsk, kan nytta den tradisjonelle skrivemåten hjasse i staden for isse.
I dag er hjerne den vanlegaste nemninga for organet i hovudskallen, men for nokre generasjonar sidan var det annleis. Ein av dei skarpaste hjernane i norsk målsoge, Ivar Aasen, skreiv tidleg i 1870-åra at hjerne hovudsakleg vart nytta på Austlandet. I resten av landet var heile (norr. heili) vanlegast, slo han fast. Me finn framleis dette ordet i Nynorskordboka, i lag med samansetjingane framheile (‘storhjerne’), heileskaking og heileskål, men det ser ut til at språkbrukarar flest har fått hjerne på hjernen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.