Ord om språk

Hjelpe og trøyste

Publisert

Kva skal ein gjera når folk græt og er utrøystelege? For mange fell det lett å fortelja om eigne kvider og det som hjelpte ein ut or dei, eller ein fortel om kjenningar som har vore gjennom noko liknande. Men er det trøyst i slikt? Kan henda er det best for den trøystetrengande at me er til stades og ikkje prøver å vrida merksemda over på noko(n) anna(n). Om ein har fare uklokt åt, kor mykje hjelper det å få høyra at andre har gjort det same? Som det står i Norske Ordsprog (1881): «Det er kleen Trøyst, at andre hava og gjort illa.»

Trøyst er i ætt med ord som traust, trygg og tru (både adjektivet, verbet og substantivet). Alle heng i hop med inkjekjønnsordet tre, og alle viser på ein eller annan måte til noko fast, sterkt og påliteleg. I dag vert traust ofte nytta i tydinga ‘gamaldags, keisam’. Men me treng det trauste. Det trauste er støtt og står trygt («trauste bruer»), det er fast og hardt («traust grunn»), og det er kraftfullt («ein traust neve»).

Av traust kjem verbet trøysta (‘styrkja, festa; ha mot eller krefter til’): «Eg trøyster ikkje gå lenger.» «Ho trøyste seg ikkje til det.» Det trøysta-verbet me nyttar om å roa og stø nokon («trøysta barnet»), er nok opphavleg same verbet, men det skal vera kome til oss frå lågtysk. I mange målføre vert dei to orda bøygde ulikt. Slik er det i nokon mon framleis i nynorsk: Trøysta (‘gjeva trøyst’) er a-verb, medan trøysta (‘styrkja; ha mot til’) tradisjonelt er e-verb (i dag har det valfri a- eller e-bøying). Hokjønnsordet trøyst er truleg ei nylaging til trøysta (‘roa, oppmuntra, stø’).

Me kan få og gjeva trøyst, og me kan ta eller søkja trøyst i noko eller nokon. «D’er fattigmanns trøyst å trøysta seg sjølv», men korleis gjer me det? Nokre finn trøyst i song og lesnad, andre driv med trøysteeting eller trøysteshoppar på nettet. Kor trøysterike desse åtgjerdene er, er det ulike meiningar om. Kan henda kjenner ein seg like trøysteslaust åleine etterpå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement