Hjelpe meg«D’er stor kunst å hjelpa seg med lite», seier ordtaket. Å hjelpa seg med mykje er lett og greitt, og dei som har eit heilt hjelpemannskap ikring seg, med både eksperthjelp og hushjelp og andre gode hjelparar, treng sjeldan be om hjelp utanfrå. M

Publisert

«D’er stor kunst å hjelpa seg med lite», seier ordtaket. Å hjelpa seg med mykje er lett og greitt, og dei som har eit heilt hjelpemannskap ikring seg, med både eksperthjelp og hushjelp og andre gode hjelparar, treng sjeldan be om hjelp utanfrå. Men me kan alle kjenna oss hjelpelause av og til, og pengar hjelper ikkje mot alt. Eit hjelpeverb kan kanskje hjelpa på humøret?

Hjelpa er ikkje eit hjelpeverb (til skilnad frå t.d. burda, kunna, måtta), men eit eldgamalt verb er det, i alle fall. Me kan i grunnen tala om to hjelpa-verb. I norrønt finn me både det sterke verbet hjalpa (pret. halp og hjalp) og det linne verbet hjalpa, som er avleitt av substantivet hjölp (‘hjelp’). I moderne norsk finn me både sterk og linn bøying og ymse uttalemåtar, jamfør bokmål hjelpe (hjalp – hjulpet), nynorsk hjelpa (hjelpte – hjelpt) og dialektformer som hjølpe, hjolpa og jærte (dvs. hjelpte): «Han jærte meg med leksene.» Opphavet til hjelpa er uvisst, men ordet finst i ei rad germanske mål, jamfør svensk hjälpa, nederlandsk helpen, tysk helfen og engelsk help.

Hjelping går ofte ut på å berga eller stø noko(n). Du kan hjelpa folk som er i naud, hjelpa til med husarbeidet, gjeva ei hjelpande hand, hjelpa fram unge talent eller sjå om dei er sjølvhjelpne og greier brasane ved eiga hjelp. Nokre former for hjelp kan berga liv, som fyrstehjelp, fødselshjelp, krisehjelp og hjelpeaksjonar. Hjelp til sjølvhjelp er hjelp som gjer oss i stand til å greia oss sjølve. Elles gjeld det å hjelpa seg som best ein kan, hjelpast åt (hjelpa kvarandre), ropa på hjelp om det trengst – og seia takk for hjelpa etterpå. I nokre tilfelle kan me ta tida til hjelp eller bruka høvelege hjelpemiddel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement