JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hjelpe meg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2360
20180713
2360
20180713

«D’er stor kunst å hjelpa seg med lite», seier ordtaket. Å hjelpa seg med mykje er lett og greitt, og dei som har eit heilt hjelpemannskap ikring seg, med både eksperthjelp og hushjelp og andre gode hjelparar, treng sjeldan be om hjelp utanfrå. Men me kan alle kjenna oss hjelpelause av og til, og pengar hjelper ikkje mot alt. Eit hjelpeverb kan kanskje hjelpa på humøret?

Hjelpa er ikkje eit hjelpeverb (til skilnad frå t.d. burda, kunna, måtta), men eit eldgamalt verb er det, i alle fall. Me kan i grunnen tala om to hjelpa-verb. I norrønt finn me både det sterke verbet hjalpa (pret. halp og hjalp) og det linne verbet hjalpa, som er avleitt av substantivet hjölp (‘hjelp’). I moderne norsk finn me både sterk og linn bøying og ymse uttalemåtar, jamfør bokmål hjelpe (hjalp – hjulpet), nynorsk hjelpa (hjelpte – hjelpt) og dialektformer som hjølpe, hjolpa og jærte (dvs. hjelpte): «Han jærte meg med leksene.» Opphavet til hjelpa er uvisst, men ordet finst i ei rad germanske mål, jamfør svensk hjälpa, nederlandsk helpen, tysk helfen og engelsk help.

Hjelping går ofte ut på å berga eller stø noko(n). Du kan hjelpa folk som er i naud, hjelpa til med husarbeidet, gjeva ei hjelpande hand, hjelpa fram unge talent eller sjå om dei er sjølvhjelpne og greier brasane ved eiga hjelp. Nokre former for hjelp kan berga liv, som fyrstehjelp, fødselshjelp, krisehjelp og hjelpeaksjonar. Hjelp til sjølvhjelp er hjelp som gjer oss i stand til å greia oss sjølve. Elles gjeld det å hjelpa seg som best ein kan, hjelpast åt (hjelpa kvarandre), ropa på hjelp om det trengst – og seia takk for hjelpa etterpå. I nokre tilfelle kan me ta tida til hjelp eller bruka høvelege hjelpemiddel.

Folk som er svært hjelpsame, har stundom so stor omsut for hjelpetrengande at dei gløymer seg sjølve oppi det heile. Kva hjelper det å hjelpa andre om du sjølv sit hjelpelaus att? I vendingar som «kva hjelper det» nyttar me hjelpa i tydinga ‘gagna, ha verknad’, og det får ikkje hjelpa om nokon dett av lasset når me no legg til endå ei tyding: Hjelpa kan òg tyda ‘råda over, hindra’, som når nokon seier «eg kan ikkje hjelpa for det» (jf. engelsk «I can’t help it»). I slike fortvila stunder kan me gripa til eit utrop med ynskeform: «Gud hjelpe meg!» – ‘måtte Gud hjelpa meg’.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis