Frå bridgeverda

Hjarta, spaði, tígull, lauf …

Jón Baldursson (1954–2023), Islands fremste bridgenamn. Foto via Wikimedia Commons
Publisert

… þú ert með opna buxnaklauf.

Vi byrjar med ei velkjend islandsk barneregle i dag, sidan den årlege bridgefestivalen i Reykjavík nyleg gjekk av stabelen i operahuset Harpa. Som vanleg trekte feite premiar mange internasjonale stjerner til den januargråe islandske hovudstaden.

Uoffisiell forsking syner at islendingane generelt er glade i komplisert hjernetrim, og at bridge er særleg populært i land der det kan vera vanskeleg å spela fotball om vinteren. Bridgesamband Íslands vart stifta i 1948 og har i dag rundt tusen medlemer.

Det store lyftet for bridgenasjonen Island kom i VM for nasjonslag i Yokohama i 1991. Ingen hadde rekna med at Island ville hevde seg der, men dei kom seg gjennom gruppespel og kvartfinale og vann knapt i semifinalen mot Sverige, noko som vekte stor åtgaum heime på øya. Ei gruppe islandske turistar som var på ferie på Filippinane, chartra eit fly til Japan for å kunne fylgje finalen på nært hald.

Motstandar der var Polen, eit lag som på dette tidspunktet heller aldri hadde vore i ein VM-finale. I ein parentes kan det nemnast at polakkane i sine rekkjer hadde Cezary Balicki og Adam Żmudziński, eit stjernepar som for ti år sidan vart skulda for juks, og som i ettertid knapt har vore å sjå. Om dei juksa i Japan, er ikkje lett å vita, men dei gjorde det i så fall ikkje godt nok, for islendingane vann finalen med brukbar margin.

Frontfiguren på vinnarlaget var Jón Baldursson frå Reykjavík, Islands beste spelar gjennom mange tiår, som døydde i 2023. I 1991 var det store oppslag i islandske medium om alle dei nye verdsmeistrane, blant anna eit portrett av Baldursson i avisa Dagblaðið Vísir, som eg prøvde å lesa som research til denne spalta. Saka viste seg å vera blotta for bridge; til vederlag fekk eg servert Baldurssons stamtavle bortimot attende til landnåmstida. Ta kontakt om du ynskjer utfyllande info.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel