Historie
Loppemarknaden som historisk kjelde
Loppemarknadene på Østensjø skule fekk inn mange bøker av Kim Il-sung i 1980-åra, men dei var vanskelege å selje.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Loppemarknaden er ein parade for gamle ting, tinga frå fortida, det den moderne notida har kassert. Småverksemder, som skulekorps, har gjort det til ei inntektskjelde å samle slikt gammalt skrap og gje det eit forlengt liv i heimane rundt om.
Namnet er direkte omsett frå engelsk og fransk. Og folk møter opp og kjøper. Mors gamle middagstallerkar, som lenge har vore ute av produksjon, dukkar opp der. Det er tid og høve til å supplere. Slik blir loppemarknaden ei forteljing om tinga og historia deira. Og om dei som åtte tinga.
Begge sønene mine spela i skulekorpset ved Østensjø skule. Så det vart mykje loppemarknad på meg, først innhenting av lopper og så sal på marknaden laurdag og søndag.
Loppehentinga var ei forteljing om menneskelivet. Ei enkje bad oss kome og hente skjortene til mannen hennar. Ho ville prate, og vi vart sitjande lenge. Ein politimann var pensjonert og bad oss hente møblane hans. Han skulle heim til Solør og ville gjerne få fortalt si historie. I ein annan heim var borna flytta ut, og vi kom og henta det gamle sportsutstyret. Det var ei historie der også. Skilsmisser var det fleire av. Vi henta møblane.
Eg var forleggar på den tida, og i eit møte med forfattarforeininga gjorde eg framlegg om at alle forfattarar burde køyre lopper ei tid, for å ha meir å skrive om. Framlegget vart ikkje tatt vel imot.
Så var loppene på plass. Eg hadde ansvaret for bøkene. Det vart mange bøker av mange slag. Og det var historier i bøkene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.