Historia blir brukt

Frå eit demonstrasjonstog i Sydney i mai 2000.
Frå eit demonstrasjonstog i Sydney i mai 2000.
Publisert

Thomas Hylland Eriksen gav for nokre år sidan ut ei lita bok som heiter Kampen om fortiden. Der viser han kor problematisk det kan vere å mobilisere og å bruke historia i dagens politiske kamp. Vi såg det på Balkan, der gamle ugrodde sår vart skorne opp att, og gav nytt blodspille. Vi nordmenn mobiliserte sjølve vår eiga mellomalderhistorie under nasjonsbygginga på 1800-talet. Mellomalderkongane våre myldra rundt i diktverk og skolebøker.

I Sovjetunionen vart historia brukt til å byggje den kommunistiske russiske staten. Historia vart russisk og kommunistisk. Då Sovjetunionen braut saman, måtte historia skrivast om, og dei nye sjølvstendige statane måtte få si eiga historie tilbake.

Tolkinga av tidlegare dramatiske hendingar vil prege dagens politikk. Etter Columbus i 1492 kom den europeiske invasjonen av Amerika. Kva var det som hende? Var det eit overgrep mot den autentiske indianske kulturen, som vart fortrengd? Eller var det eit fruktbart kulturmøte, der ein primitiv kultur vart løfta opp, med eit godt resultat for alle? Tolkinga av 1492 vil bestemme om urfolket – indianarane – skal ha ein dominerande plass i staten i dag, eller om dei spanskætta mestisane framleis skal dominere. Historia og historietolkinga blir dagens politikk.

Nasjonale festdagar kan bli problematiske. Dei reiser eit betent spørsmål: Kven er nasjonen? For oss nordmenn er det greitt: Nasjonen er oss – vi nordmenn. I seinare tid har rettnok samane rota dette til for oss, dei har til og med skaffa seg sin eigen nasjonaldag, der dei feirar seg sjølve som urfolk. Men dei er få og bur i utkanten, så vi kan leve med det.

I 1967 skulle Canada feire seg sjølv – hundreårsjubileet for den kanadiske føderasjonen. I 1867 gjekk Canada over frå å vere britisk koloni til å vere britisk dominion, ein meir sjølvstendig posisjon, før dei så vart sjølvstendige i 1931.

Canada har ei krunglete historie, også om vi vel å gløyme Leiv Eriksson og problema han hadde med skrælingane. Urfolka var der først, ulike indianarar og eskimoar. Så kom franskmennene og la delar av området under seg. Etter sjuårskrigen, i Amerika omtala som kolonikrigen, overtok England dei franske koloniane i Canada i 1763. Britane kom til å dominere den canadiske staten. Men Quebec vart ein fransk enklave, med fransk som språk. Her var – og er – det konstante spenningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement