Ord om språk
Heva over all tvil
Stundom lyt ein heva røysta og hovudet og heva seg over folkesnakket. Men det skal helst ikkje gå so langt at ein kjenner seg heva over lova. Hoven framferd er i det heile lite omtykt, so når ein merkar at trongen til å heva seg over andre kjem snikande, er det lurt å hiva seg på sykkelen heimover, ta nokre armhevingar og setja ein deig til heving i staden.
Hiva og heva er strengt teke to ulike former av same ordet. Verbet heva kan me dessutan skriva hevja og bøya sterkt: hev – hov – hove (jf. norrønt og islandsk hefja, færøysk hevja). Adjektivet hoven er i røynda perfektum partisipp til hevja. Av hoven kjem verbet hovna («kneet hovna opp», «andletet var opphovna av gråt») og samansetjingar som snørrhoven. Jamvel om hovmod liknar hoven, høyrer det ikkje til her. Det kjem av lågtysk ho(g)mod (‘høgt huglag’).
Hiva er i grunnen den engelske forma av heva/hevja, heave, som har kome inn i skandinavisk gjennom sjømannsspråk og vorte eit eige verb. Me kan til dømes hiva (lyfta, hala, heisa opp) anker og nytta hiva om båtar som ruggar og rullar («skuta heiv fælt»). Den vanlegaste tydinga i dag må vera ‘kasta’ («hiva mat», «hiva på seg jakka», «hiva seg rundt»). Å draga anden stutt og tungt vert òg kalla hiving («hiva etter vêret», «hivande pust, bryst»). Denne bruken av hiva er nok ljodhermande.
Attende til heva: Grunntydinga var ‘ta, gripa (og lyfta opp)’. Mellom slektningane finn me ha, høve (eig. ‘lyfting, opptak’) og hav (som truleg viser til at vassyta tykkjest heva seg mot synsranda når ein ser henne frå eit skip). Andre ord som heng i hop med heva, er hevel (‘handtak, hank’, norrønt hefill ‘heisereip’), som har gjeve verbet hevla (‘stilna; stogga i farten’, norrønt hefla ‘minka segl’), og lånorda hevert og hevelse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.