Mat
Heite sidesprang
Denne salaten med reker er ganske mild. Han vert fyrigare om du har i sausen som står ved sida av.
Foto: Dagfinn Nordbø
Ja, eg veit at eg burde skrive om fårikål i desse dagar. Men sidan alle andre gjer det, lar eg vere. Eg vil heller fortelje litt om alt tullet eg gjorde på åttitalet: Eg sprang rundt i fotformsko og gul stripete dressjakke, heldt meg med mustasje og jobba som tekstforfattar i reklamebyrå. For ei merkeleg tid. Willoch hadde snudd samfunnet på hovudet, alt var i spel, og mykje nytt kom dundrande inn i kvardagen, ikkje minst på matfronten.
Åttitalet var tida då tacoen så smått begynte å dukke opp på matborda her i landet. Eg hugsar særskilt godt ein nyttårsaftan hjå meg, der vi var samla over umoralske mengder tequila, meksikansk øl med lime i flasketuten, sprø tacoskjel med kjøt og – ikkje minst – chili. Nærmare bestemd jalapeños, som vi la øvst på tacoen.
Det gjekk sport blant mannfolka i å dyngje på med dei grøne små djevlane, og den som vart raudast i trynet, gjekk av med sigeren. Det var vanlegvis ikkje eg, men ein venn av meg, og eg gløymer nok aldri det illraude, sveitte åsynet hans, mens han skylde ned tacoen med tequila, eit farleg heksebrygg eg seinare lærte the hard way at ein skal vere særs varsam med.
Eg skal spare dykk for kva slags skandalar vi forårsaka då vi ved midnatt ramla ut i djupsnøen for å fyre av rakettane.
La meg heller seie litt meir om chili. Folk har eit elsk–hat-forhold til den sterke krabaten. Anten får dei ikkje nok av han, eller så hatar dei han som pesten. Eg har jo vore pakistansk gift, og kona gjekk alltid med nokre heite saker i veska, til bruk om ho syntest det ikkje var futt nok i maten. Det gjer popikonet Beyoncé òg. Ho har sagt at ho alltid har med seg ei flaske heit saus, kvar ho enn går.
Og det er jo ei glimrande løysing. Ein chilisaus i glas eller flaske gjer at du kan lage ein heilt eigen versjon av det du får servert. Alle vert nøgde, dei som ikkje likar det sterkt, får det som dei vil, og dei som vil at maten helst skal setje fyr på tarmane og milten, får òg sitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.