JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Heime hos Tal

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Trass i eit ganske turbulent ekteskap skriv Sally Landau varmt om ekte­mannen. Magnus Carlsen fekk nyleg boka i gåve frå son til Sally og Misja, og kunne ikkje leggja henne frå seg.

2276
20191122
2276
20191122

Det er ikkje det at dei seksten verdsmeistrane sidan 1886 aldri har hatt kontakt med kvinner, men vi høyrer sjeldan historiene deira. Unnataket er Sally Landau, den fyrste kona til Mikhail «Misja» Tal, verdsmeisteren i 1960–61. Ho har skrive bok om den store kjærleiken.

Unge Sally var alt ein kjend songar og skodespelar då ho flytta inn hos sjakkgeniet i ein høgkulturell jødisk heim i Riga, hovudstaden i Latvia. Her budde Misja saman med mor si, bror sin og ein «onkel». Far hans hadde døydd like før, men Sally skjøna snart at «onkel Robert» i røynda var den biologiske faren, og at mor til Tal hadde budd saman med to menn i mange år. Og meir komplisert skulle det verta.

Då Tal vart verdsmeister, folkehelt og far til son deira, skjøna Sally at sjakkgeniet i lang tid hadde hatt ulike elskarinner. Det nye var no at den siste elskarinna, som òg var ein kjend skodespelar, flytta heim til familien. Sally og sonen budde på eitt rom, medan Tal og elskarinna sov i stova. Mor til Tal sa at ein måtte rekna med slikt: «Misja er jo eit geni.» Ja, han var òg sjarmerande, morosam og meir til, så Sally godtok situasjonen. Sportskomiteen var mindre nøgd og kravde etter kvart at Tal heldt seg til éi kone. Som straff fekk eksverdsmeisteren speleforbod i utlandet.

Svigermor lanserte då ein idé: Sally kunne skilja seg frå Misja, og så kunne dei seinare gifta seg for andre gong når sportskomiteen hadde fått sitt. Sally gjekk med på dette, men seinare fekk Tal ei ny elskarinne som òg flytta inn. No tykte Sally det var nok, så ho òg skaffa seg eit par elskarar, fyrst ein minister og så ein orkesterdirigent som var fanatisk antisemitt. Han gjorde unnatak for jødiske Sally og Misja, «sidan han var eit geni».

Mor til Tal spleisa no sonen med ei ung, fager jente frå Georgia. Etter berre eit par veker ville ho gifta seg. Sally godtok dette og skilde seg for andre gong. Misja var i Georgia og hadde ikkje tid til å ordna med skilsmissepapira. Men etter berre éin månad gjekk det nye ekteskapet i oppløysing: Jenta frå Georgia og kjærasten hennar, ein kampsportutøvar, hadde lurt Tal. Like etter fann Tal fann ei ny kone som han budde saman med resten av livet. Sally og den tredje kona vart gode veninner.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis