Heil og sæl!
Frå utnemninga av NS-leiar Vidkun Quisling til regjeringssjef, ministerpresident, 1. februar 1942. Rikskommisær Josef Terboven med heva arm inspiserer troppane.
Foto: NTB scanpix
«Heil og sæl» var ei gammal norrøn helsing. Orda vart sagde med framstrekt høgrehand. «Må du vere frisk og lykkeleg», var ønsket, omsett til moderne norsk. Begge orda finst i dagens norske språk, om det heile og udelte, og om det sæle. Ved «mor si grav» – i «Den fyrste songen» – høyrer Per Sivle «den song som allting heilar».
Nasjonal Samling tok i 30-åra opp denne helsinga. Og då partiet under krigen vart regjeringsparti, tok dei helsinga i bruk i offentleg teneste. Stavanger Aftenblad frå 11. januar 1941 kan fortelje at helsinga er blitt meir og meir vanleg, i takt med den stigande nasjonale atterfødinga av folket. Helsinga er tatt i bruk av politiet, departementa og ei rekkje statsfunksjonærar, og fleire vil sjølvsagt følgje etter. Ein plakat om helsinga er slått opp i alle offentlege kontor i landet, kan avisa fortelje. Og plakatteksten er denne: «Med den oppstrakte høyre hånd hilste de gamle nordmenn hverandre. ‘Heil og sæl’ pleide de å si. Denne hilsen er gjenopptatt av de nordmenn som vil erobre landet. ‘Heil og sæl’ og den oppstrakte hånd er det nye Norges hilsen.»
Det varte ikkje så lenge. Under krigen var det lov å vere ulydig og grov i munnen.
«Heil og sæl, slå Quisling i hel», sa vi borna.
Og så var krigen over, og helsinga forsvann. Det var synd. Helsinga er vakker. Men helsinga er eit døme på korleis ein vakker seremoni kan øydeleggjast for all framtid. I dag vil helsinga berre vekkje forundring, avsky og raseri.
For det er eit element til i helsinga, utover gode ønske for den ein helsar. Den framstrakte, opne høgrehanda er eit signal om at ein kjem utan våpen. Det er ei gammal germansk helsing. I ei tid då det var lett å gripe til våpen, var det eit viktig signal. Å forhindre vitlaust våpenbruk var ei sivilisatorisk gjerning. USA, med tradisjonar frå Det ville vesten, slit framleis med dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.