Frå sjakkverda
Heger, Hagerup og Olav H.
Handlelista til Hagerup med utkast til dikt om H-en i namnet til diktaren frå Ulvik.
Det hender eg får idear til sjakkspalta frå sosiale medium. Ei heilt spesiell Twitter-historie dukka opp i sumar. Ho levde sitt eige liv i nokre veker. Men no har ho lege still i eit halvt år, så eg tek sjansen på å vekkja liv i henne.
Det byrja med ein annonse i Aftenposten: «Ung, venstreorientert mann som spiller bridge og sjakk, får sommerjobb […] Henv. fra kl. 9–10 til Inger Hagerup, tlf. 106897.» Året var 1978, og 21 år gamle Anders Heger tenkte: «Dette er deg, Anders!» Og det var det.
Heger melde seg til teneste på Romsås, der Hagerup budde. To gonger i veka spela den unge litteraten tomannsbridge og sjakk med 74 år gamle Anders Hagerup, lektor og omsetjar, og etterpå drakk han vin saman med kona, Inger.
Etter ein månad sette alle tre seg i ein drosje til Risør. Unge Anders hjelpte den eldre Anders, som var dårleg til beins, med kofferten. Når Heger fortel om den fantastiske sumaren, får eg ein assosiasjon til eit par verseliner av Hagerup: Hun fløy som på sommerfuglvinger, // han flyttet på dronning og springer.
På hytta møtte Heger den radikale litteratureliten som han tidlegare berre kjende ved namn: På vitjing kom Jan Erik Vold, Georg Johannessen, Torolv Solheim (nabohytta), Sandemose-borna og Vesaas-borna. Og sonen Klaus Hagerup, som i 2013 skreiv den fine sjakkungdomsromanen Markus er konge.
Den sumaren nådde Heger eit nytt nivå på sjakkbrettet. Herr Hagerup var eigenleg ein mykje betre spelar, men fysisk redusert, så Heger var ikkje sjanselaus. Om kvelden drakk diktardronninga og assistenten vin og diskuterte litteratur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.