«No reiser kvelden seg i vesterbrun» – det er noko til opningsline. I dette kjende diktet av Olav Nygard, som rett og slett heiter «No reiser kvelden seg», reiser kvelden seg opp i ståande stilling, om lag slik folk reiser seg, og «trør paa lette føter gjenom tun». Men reising treng ikkje ha noko med føter å gjera. Håra i nakken kan reisa seg jamvel om me ligg rett ut, og me kan reisa både hus og debattar. Er det noko samband mellom det å reisa seg og det å vera på reisefot, tru?
Verbet reisa (‘setja opp, retta opp, stiga’) og substantivet reise med det tilhøyrande verbet reisa (‘fara av stad, vera på tur’) har same opphavet, men orda er komne inn i målet vårt på ulikt vis. Reisa (‘setja opp’) er eit arveord som ser ut til å ha funnest i nordisk støtt. Det er opphavleg kausativ til det sterke verbet risa (jf. norr. rísa, eng. rise, nl. rijzen) og har soleis hatt grunntydinga ‘få til å risa’. I dag har reisa former som dansk rejse, svensk resa og engelsk rear (‘fostra opp’). Den meir kjende forma raise er lånt inn i engelsk frå nordisk. Hokjønnsordet reis(e) kom inn i nordisk frå lågtysk i mellomalderen (jf. norr. reisa ‘ferd’), og reisa (‘fara’) kom noko seinare.
Reis-orda våre er i ætt med det latinske verbet oriri (‘reisa seg, stå opp’). Dette ordet har gjeve oss nemninga Orienten (som viser til staden der sola står opp), motsvaret til Oksidenten (som viser til staden der ho går ned, av latin occidere ‘gå ned’). Desse nemningane er lite nytta i dag, men opp gjennom historia har mange frå vesterlanda reist til det dei har kalla Orienten, anten på oppdagingsreise, bryllaupsreise, studiereise eller gruppereise med reiseleiar. For dei fastbuande har nok ikkje dei tilreisande vore berre til glede, og nokre har kanskje tenkt for seg sjølve: «Ryk og reis!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.