JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hårreisande høgreist

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2363
20200228
2363
20200228

«No reiser kvelden seg i vesterbrun» – det er noko til opningsline. I dette kjende diktet av Olav Nygard, som rett og slett heiter «No reiser kvelden seg», reiser kvelden seg opp i ståande stilling, om lag slik folk reiser seg, og «trør paa lette føter gjenom tun». Men reising treng ikkje ha noko med føter å gjera. Håra i nakken kan reisa seg jamvel om me ligg rett ut, og me kan reisa både hus og debattar. Er det noko samband mellom det å reisa seg og det å vera på reisefot, tru?

Verbet reisa (‘setja opp, retta opp, stiga’) og substantivet reise med det tilhøyrande verbet reisa (‘fara av stad, vera på tur’) har same opphavet, men orda er komne inn i målet vårt på ulikt vis. Reisa (‘setja opp’) er eit arveord som ser ut til å ha funnest i nordisk støtt. Det er opphavleg kausativ til det sterke verbet risa (jf. norr. rísa, eng. rise, nl. rijzen) og har soleis hatt grunntydinga ‘få til å risa’. I dag har reisa former som dansk rejse, svensk resa og engelsk rear (‘fostra opp’). Den meir kjende forma raise er lånt inn i engelsk frå nordisk. Hokjønnsordet reis(e) kom inn i nordisk frå lågtysk i mellomalderen (jf. norr. reisa ‘ferd’), og reisa (‘fara’) kom noko seinare.

Reis-orda våre er i ætt med det latinske verbet oriri (‘reisa seg, stå opp’). Dette ordet har gjeve oss nemninga Orienten (som viser til staden der sola står opp), motsvaret til Oksidenten (som viser til staden der ho går ned, av latin occidere ‘gå ned’). Desse nemningane er lite nytta i dag, men opp gjennom historia har mange frå vesterlanda reist til det dei har kalla Orienten, anten på oppdagingsreise, bryllaupsreise, studiereise eller gruppereise med reiseleiar. For dei fastbuande har nok ikkje dei tilreisande vore berre til glede, og nokre har kanskje tenkt for seg sjølve: «Ryk og reis!»

Å reisa noko tek ofte tid, anten me reiser bygningar (jf. reisverk), skriftmål (jf. målreising), folkegrupper (jf. klassereising, bondereising) eller kjerringar (sjå Språkrådet si fine utgreiing om ordlaget «reisa kjerringa»). Det går snøggare å skamfara og riva ned, men då kan det henda at folk reiser sak og krev oppreising eller atterreising. Elles kan både kroppen og visse kroppsdelar vera reiste: «Ho hadde flott reisning.» «Han fekk reisning.» «Dei reiste bust.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis