Har vi han no?

Kven er «han» i sjakk? Carlsen, Kasparov eller nokon annan?
Kven er «han» i sjakk? Carlsen, Kasparov eller nokon annan?
Publisert Sist oppdatert

Denne retoriske tittelen nyttar eg om lag ein gong i året. Og svaret er alltid: ikkje heilt enno. Og kven er «han»? Carlsen, Kasparov eller nokon annan? Kor som er, det er tid for å gjera opp status etter verdsmeisterskapen i London, Carlsens fjerde VM-siger sidan 2013.

Magnus Carlsen har tidlegare svart «Kasparov» på spørsmålet om kven som er favorittspelaren hans. Før VM i haust overraska han alle med å svara «Alekhin». Då spørsmålet vart stilt under VM, fekk journalistane eit originalt svar dei kunne lika: «Meg sjølv – for 3–4 år sidan». Her vil eg presentera konkurrentane til Carlsen:

Emanuel Lasker. Det tyske universalgeniet (matematikar, filosof, bridgespelar) var verdsmeister i heile 27 år frå 1894, men det kunne gå ti år utan at han spela ein tittelkamp.

José Raúl Capablanca. Eit reint naturtalent, som Carlsen, men cubanaren vann berre éin VM-kamp, mot Lasker i 1921.

Aleksandr Alekhin. Russisk emigrant, genial i åtak på brettet, men alkoholisert og skandalisert utanfor brettet. Han er den einaste som har teke med seg tittelen i grava då han fekk eit kjøtbein i halsen i 1946.

Mikhail Botvinnik. Patriarken i sovjetisk sjakk skipa ein sjakkskule som endra sjakken etter den andre verdskrigen. Han var verdsmeister i totalt 13 år, men miste tittelen tre gonger og spela to uavgjorte VM-kampar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement