JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hakk i hæl

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2359
20180706
2359
20180706

Ordtaket seier at «d’er betre å verkja i hælen enn i hugen». Det tyder at det er betre å gå til foten verkjer enn å trega på at du ikkje gjekk langt nok. Me språkbrukarar kan fritt dikta vidare og laga nye og skjemtande utgåver av ordtaket, til dømes: «D’er betre å verkja i hælen enn å få ein stiletthæl på tåa.» Eller: «D’er betre å gå hakk i hæl enn å hakka i hælen.»

Det ubøyelege ordet hakk i «hakk i hæl» kjem av lågtysk hacke (‘hæl’). I eldre svensk finst seiemåten «i hack och häl», som seinare vart «hack i häl». Det er soleis ikkje tale om hakking i hælen, men merk at hakk ser ut til å vera i ætt med hakka og hake. «Hakk i hæl» skal i alle fall målbera at noko eller nokon kjem tett etter – kanskje so tett at du får hug til å hælsparka dei. Dersom du snur på hælen når nokon går i hælane på deg, kan det verta ein ublid samanstøyt. Same kva: Hæl (norr. hæll) er eit gamalt namn på den attarste delen av foten. I norrønt dukkar ordet opp i ei rad faste vendingar, til dømes «milli höfuds ok hæls» (d.e. ‘mellom hovud og hæl’), som svarar til vårt «frå topp til tå». Ei anna vending er engelsk «head over heels» (‘med beina i vêret; hovudstups’).

Av hæl kjem verbet hæla, som mellom anna vert bruka om å gå snøgt: «Han hæla framom.» «Dei hælar innpå oss.» Me kan òg bruka hæla om å setja hæl på noko, til dømes ein sko. For det er ikkje berre levande skapningar som har hæl: Me plar seia at sokkar og skor har hæl. Dimed kan du strikka ny hæl på ein sokk, og du kan gå med høghæla eller låghæla skor. Men kan ein sko ha akilleshæl?

Den greske segnhelten Akilles skal ha vorten usårleg då mor hans heldt han i elden eller duppa han i elva Styx då han var nyfødd. Men ho heldt han i hælen, difor er hælen det veike punktet hans – det er berre der han kan sårast. Same segna har gjeve namn til den sterke sena som fester tjukkleggmuskulaturen til hælbeinet: akillessena. Denne sena gjer eit viktig arbeid, til dømes er det ho som gjer at me kan stå på tå. Å vera lett på tå er ofte betre enn å vera på hælane (vera i ei lei eller alvorleg stode). Verst er det å verta halden under jarnhæl (verta knust, halden nede), medan «hælane i taket» er noko av det beste: Då er stemninga svært god. Me må berre passa på so me ikkje slår akilleshælane i taket.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis