Hakk i hælOrdtaket seier at « betre å verkja i hælen enn i hugen». Det tyder at det er betre å gå til foten verkjer enn å trega på at du ikkje gjekk langt nok. Me språkbrukarar kan fritt dikta vidare og laga nye og skjemtande utgåver av ordtaket, til dømes

Publisert

Ordtaket seier at «d’er betre å verkja i hælen enn i hugen». Det tyder at det er betre å gå til foten verkjer enn å trega på at du ikkje gjekk langt nok. Me språkbrukarar kan fritt dikta vidare og laga nye og skjemtande utgåver av ordtaket, til dømes: «D’er betre å verkja i hælen enn å få ein stiletthæl på tåa.» Eller: «D’er betre å gå hakk i hæl enn å hakka i hælen.»

Det ubøyelege ordet hakk i «hakk i hæl» kjem av lågtysk hacke (‘hæl’). I eldre svensk finst seiemåten «i hack och häl», som seinare vart «hack i häl». Det er soleis ikkje tale om hakking i hælen, men merk at hakk ser ut til å vera i ætt med hakka og hake. «Hakk i hæl» skal i alle fall målbera at noko eller nokon kjem tett etter – kanskje so tett at du får hug til å hælsparka dei. Dersom du snur på hælen når nokon går i hælane på deg, kan det verta ein ublid samanstøyt. Same kva: Hæl (norr. hæll) er eit gamalt namn på den attarste delen av foten. I norrønt dukkar ordet opp i ei rad faste vendingar, til dømes «milli höfuds ok hæls» (d.e. ‘mellom hovud og hæl’), som svarar til vårt «frå topp til tå». Ei anna vending er engelsk «head over heels» (‘med beina i vêret; hovudstups’).

Av hæl kjem verbet hæla, som mellom anna vert bruka om å gå snøgt: «Han hæla framom.» «Dei hælar innpå oss.» Me kan òg bruka hæla om å setja hæl på noko, til dømes ein sko. For det er ikkje berre levande skapningar som har hæl: Me plar seia at sokkar og skor har hæl. Dimed kan du strikka ny hæl på ein sokk, og du kan gå med høghæla eller låghæla skor. Men kan ein sko ha akilleshæl?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement