Sjakk
«Hadde eg ikkje hatt sjakken…»
Forfattaren Roy Jacobsen var sjakkentusiast.
Foto: Ole Gunnar Onsøien / NTB
«Hadde jeg ikke hatt sjakken, hadde jeg ikke hatt en dritt.» Arne Danielsen gav i 2002 ut Åttenderaden på Cappelen forlag. Eg gratulerte han med Noregs fyrste sjakkroman, der den fyrste setninga sette ei perfekt ramme. Danielsen fortalde at formuleringa kom frå sjakkvenen Roy Jacobsen, som var konsulent på boka. Seinare hjelpte han òg sjakkspelaren Hans Olav Lahlum med å koma inn i Cappelen-universet med biografiar om leiarar i Arbeidarpartiet.
Jacobsen hadde to born i sjakken, noko som inspirerte han til å skildra sin eigen sjakkbarndom i Groruddalen på slutten av 60-talet i novella «Gambit» frå 2001. Det var favorittnovella hans, men Cappelen var skeptisk: «Kven veit kva gambit tyder?» Dottera Maria Pitz Jacobsen gjekk på 00-talet på sjakkgymnaset til Simen Agdestein, men den eg fyrst vart kjend med i sjakkfamilien Jacobsen, var den einaste som ikkje spela sjakk. Eg var kollega med «sjakk-mora», kona til Roy, den belgisk-fødde språkforskaren Anneliese Pitz.
Sjeldan har eg møtt ein større Magnus Carlsen-fan enn Roy. Frå 2006 og utover kunne ikkje forfattaren dikta når Carlsen spela, han måtte fylgja kvart trekk på internett. Og eit Carlsen-parti kunne vara fire–fem timar. Men Roy sa alltid nei når vi i NRK-sjakken ville ha han som kjendisgjest i studio. Dette lika eg godt: ein kjendis som faktisk skjøna noko av trekka til Carlsen, men som ikkje ville på TV.
Interessa for Russland var òg stor. Han spurde om eg ville vera med på ei eventyrleg reise til Sibir. Det var galskap, men eg skjøna at han meinte alvor. Roy og Anneliese drog, og saman skreiv dei romanen Mannen som elsket Sibir (2019). Etter 2022 reagerte vi med same sorg og harme over eit tapt Russland. Roy var handlekraftig. Saman med Anneliese og organisasjonen Fritt Ukraina køyrde han ned til krigen og donerte utstyr til Ukrainas forsvarskamp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.