Guten utan brokEin student frå Canada med ukrainske sjakkgenar, Anton Kovaljov (25), drog til World Cup i Tbilisi for å kjempa mot verdseliten. No er ikkje Kovaljov så veldig sjakkinteressert for tida, og han hadde ikkje tenkt å vera lenge i det postsovjet
Ein student frå Canada med ukrainske sjakkgenar, Anton Kovaljov (25), drog til World Cup i Tbilisi for å kjempa mot verdseliten. No er ikkje Kovaljov så veldig sjakkinteressert for tida, og han hadde ikkje tenkt å vera lenge i det postsovjetiske Georgia, så han reiste i det han gjekk med: ein shorts. Kovaljov har budd lenge nok i Canada til at han har lært seg å vera «politisk korrekt», og at ein kler seg som ein vil.
Den talentfulle amatøren vann i fyrste runde mot ein armensk stormeister, men så skulle han opp mot sjølve Vishy Anand i runde to. Det var ikkje heilt etter planen då han vann 1½–½ mot Anand. Til den tredje runden kom han ned i spelelokalet i den same shortsen han hadde gått i heile veka.
Det var då han var uheldig og møtte det kaukasiske blikket til sjefen for arrangementet, stormeister Zurab Azamajparasjvili. Mange i sjakkverda meiner «Azmai» burde ha vore permanent bak lås og slå, slik han var etter sjakk-OL i 2004. Den gongen lagde han så mykje bråk at han vart banka opp av dei spanske arrangørane og seinare arrestert. Historiene om «Azmai» er mange. Han vart europameister i 2003 etter å ha gjort eit trekk om att i finalen, eit brot på all sjakketikk. Han skaffa seg nok rating til å nå verdseliten på 1990-talet då han kjøpte ei fiktiv turnering. No er georgiaren leiar for det korrupte europeiske sjakkforbundet.
Då «Azmaj» såg canadiaren, vart han rasande: «Du kler deg som ein sigøynar. Du har femten minuttar på å byta klede.» Det er visst slik ein snakkar når ein er sint i det postsovjetiske samfunnet, men Kovaljov – av vørdnad for romfolket – godtok ikkje å verta kalla for «sigøynar», dessutan hadde han ikkje noka brok i kofferten. Han sette seg i ein taxi og fór til flyplassen – utan å spela tredje runde og utan pengepremien på 10 000 dollar som han skulle ha etter sigeren mot Anand.
Biletetekstar:
Sigeren mot Anand kan vera det siste vi ser av Kovaljov
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.