Gunvald
Finnøy, teikna av Thomas Fearnley i 1826.
1800-talet var det store hundreåret for norsk folkestyre. I 1814 kvitta vi oss med eineveldet. Vi fekk ei grunnlov og ei folkevald nasjonalforsamling som kunne halde auge med kongen og regjeringa hans. I 1837 fekk vi formannskapslovene, der kommunale forsamlingar fekk mykje av ansvaret for sine eigne lokalsamfunn. Og i 1884 slo Stortinget fast at det var det som hadde ansvaret for regjeringa, som dei kunne bytte ut om dei så ville. Kongen måtte ta den regjeringa han fekk. Parlamentarismen var innført.
Det kommunale sjølvstyret skapte lokale maktposisjonar, der nye, utrena folk måtte ta på seg eit politisk ansvar. Det vart ei omfattande politisk opplæring for folk og veljarar. Makta kom nær og kunne påverkast. Kommunestyra kom etter kvart til å dyrke fram markerte rikspolitikarar.
Makta var spreidd. Det var også ansvaret.
Kommunale oppgåver: Skule, helse, kyrkje, vegar, skatt og pengar og mykje anna skulle handterast. Nokon måtte ha hand om dei veksande kommunale oppgåvene.
Kommuneadministrasjonane dukka opp, i kjølvatnet av den nye lova. Tilgangen på kompetente folk til slikt arbeid var avgrensa. Det fanst ingen utdanningsveg til kommunale stillingar. Ein måtte ta det som fanst.
I min barndom, heime på Finnøy,var det Gunvald som var kommuneadministrasjonen. Han var bonde og dreiv ein liten, steinete gard på Steinnes med seks kyr. I tillegg fiska han. Han sat i styret for meieriet. I styrereferata derifrå kan vi lese at han av og til ikkje kunne møte fordi han var på brislingfiske. Når brislingen var i fjorden, måtta alt anna leggjast til side. No kom det pengar til bygda og arbeid for bygdekvinnene på hermetikkfabrikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.