Gummistøvlane
Statsminister Winston Churchill (t.h.) med Wellington-støvlar saman med general Eisenhower i Frankrike 15. november 1944.
Foto: NTB scanpix
Britain’s Prime Minister Winston Churchill, right, complete with cigar and wellingtons, walks arm in arm with U.S. Supreme Commander General Eisenhower, Nov. 15, 1944, in France. Churchill is leaving France, after a trip to Paris, to return to London. (AP Photo)

Rikard Hermann var ein genial journalist. Han hadde ei uvanleg evne til å få småting til å fortelje historie. Ein gong gjekk han inn i kleskåpet sitt og fann ein raglanfrakk og eit kardigansett. Det var klede som var oppkalla etter mislukka offiserar i den elendige Krimkrigen, klede engelske kvinner laga og sende, men som offiserane fekk gje namn til. Og så gav Hermann oss Krimkrigen på kjøpet.
Ein annan gong var han ute på bygda, der han møtte ein mann godt oppi åra. «Kva er det viktigaste som har skjedd i di levetid», spurde Hermann. «The Wellingtons», svara mannen. Gummistøvlane.
Og brått forstår vi kor stort under gummistøvlane var. No kunne ein gå i myra utan å bli blaut på beina, fryse og lide vondt. Livet vart betre. Helsa også.
Far, fødd i 1908, var yngste guten i ein syskenflokk på tolv. Dei var mange, og garden var liten. Her måtte det skaffast meir levebrød. Fiske var svaret. Fars eldre brør fortalde entusiastisk om kor storarta det var då gummistøvlane kom til fisket. Før det brukte dei lêrstøvlar. Dei trekte vatn, dei måtte tørkast om natta og smørjast grundig om morgonen, før bruk. Og dei var ikkje tette. Far hadde ingenting å fortelje om blaute lêrstøvlar. Då han, yngstemann, skulle ut på fiske, var gummistøvlane komne. Lenger sidan er det ikkje.
Og i dag? Ingen går våt på beina lenger, same korleis vêret og underlaget er. Born har Cherrox-støvlar i fine fargar, og vaksne, både kvinner og menn, kan få moterette gummistøvlar, med rett form, rett lengde og rett farge.
Det var helten frå Waterloo, lord Wellington, som fekk gje namn til støvlane. Han gjekk til skomakaren og bad han lage nye militærstøvlar. Soldatar fekk ofte kneskadar, så han ville ha støvlar som gjekk over kneet, som eit vern for kneleddet. Utgangsmodellen var tyske støvlar, frå Hessen i Tyskland, og dei skulle lagast av mjukt kalveskinn.
I 1815 vart det laga eit klassisk portrett av helten frå Waterloo. Der står han med dei nye støvlane, pynta med duskar. Og så var det gjort. No skulle mange ha dei nye støvlane, spesielt moteløvene, «the dandies». I 1840-åra dominerte støvlane moten for menn.
I 1852 kom det store spranget, Charles Goodyear var ein amerikanar som hadde ein konkurs bak seg før han byrja å arbeide med naturgummi. I 1839 fann han opp vulkaniseringa, ein ny og smidig måte å bruke naturgummi på. No møtte han mannen som produserte kalveskinnsstøvlane av merket Wellington.
Og så var det gjort. No tok den vulkaniserte naturgummien over for det mjuke kalveskinnet.
Det var den sårbare soldaten i krig som hadde fått Wellington til å oppsøkje skomakaren for å be om tryggare støvlar. Krigane kom til å følgje Wellington-støvlane vidare. Gummistøvlane var eit framifrå fottøy for soldatane i dei våte og kalde skyttargravene i første verdskrigen. Behovet var enormt, og maskinane gjekk dag og natt. Det vart produsert 1,2 millionar støvlepar under krigen.
Dette var det store løftet for Wellington-støvlane. Første verdskrigen slutta i 1918. Då var far ti år gammal. Då han skulle ut på fiske som førstereisgut nokre år seinare, var gummistøvlane komne, også i fiskebåtane i Ryfylke. Så hadde far ingenting å fortelje om våte lêrstøvlar.
Om heimelsmannen til Richard Hermann hadde vore i skyttargravene med gummistøvlane sine, veit eg ikkje.
Så handlar det om livsforbetring, eit kvardagsliv med tørre labbar, trygt i gummistøvlane. Så har også gummistøvlane ei historie, som alt anna. Ei historie som handlar om ein av dei store generalane i historia, som hadde omsorg for soldatane sine, og som difor fekk skomakaren sin – ja, han hadde skomakar – til å kopiere ein hessisk støvel, før ein av dei store industriskaparane kom til og auka trivnaden, i fiskebåten, i myra eller på fottur i fjellet.
The Wellingtons, gummistøvlane, gav oss ein betre kvardag. Og det meinte Richard Herrmanns mikrofongjest var verd ein førsteplass i hans eige liv.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.