Mat

Gulyás

Fridom på ungarsk, med nokre andre fridomar i tillegg.
Publisert

Eg har no offisielt kome i alderen då ein matar fuglar. Eg har jamvel gått til nedlasting av Kvitromat, appen som fortel kva fuglar som kvitrar og flyg i nærleiken.

Heilt stødig er han knappast: Fyrste gongen eg prøvde appen, konstaterte han at det eg høyrde, var storfugl – og eg bur to hundre meter frå Bygdøy allé. Ikkje ante eg at det er sjanse for å oppleve tiurleik midt i tjukkaste Oslo sentrum.

Elles har eg selskap på balkongen med talgokse, gråsporv, gulsporv og pilfink, skjor, svarttrast, tyrkardue (raudlista art) og ei enkelt staseleg bydue med spraglete hovud. Alle saman frie fuglar, nett som meg, sett bort frå at eg diverre ikkje kan sveve over byen, eller endå betre: sveve over vatna, som dei heldiggrisane kan.

Det er vel òg tvilsamt om eg burde gå på ein diett med så pass stort inntak av solsikkekjernar. I så fall kan det jo hende eg tar til å kvitre, eg òg.

Apropos fridom, det kom særs gledelege nyhende frå Ungarn førre søndagen, noko de sikkert har lese meir om andre stader her i avisa. Ruszkik haza! Russland ut. Orbán er i alle fall ute. Endeleg!

Mitt bidrag til feiringa blei å invitere vener og familie på ein allerhelvetes gulasj. Slik gjer eg det, til fem personar: Skjer éin kilo storfe høgrygg i to centimeter store terningar, tørk godt med kjøkenpapir og brun dei i solsikke- eller tilsvarande olje. Bruninga bør aller helst skje med romtemperert kjøt i panne eller gryte som toler høg varme, og då i porsjonar. Me vil jo ha Maillard-effekten: Brunar du alt saman på ein gong, mistar du det kulinariske trylleslaget som god bruning og steikjeskorpe gir.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement