Gullring med ringverknader
Ordtaket seier at «når fingeren er ringa, er tausa tinga». Ei taus er som kjent ei jente eller ei ung, ugift kvinne, og det er ikkje heilt bra å seia at tausa er tinga, for då omtalar me henne mest som ei livlaus vare og ikkje som eit levande menneske. Men det gjev eit godt rim, og me skjønar kva bodskapen er: Ringen på (ring)fingeren seier noko om sivilstand. Tausa og kjærasten har ringa seg (gjeve kvarandre trulovingsringar) og skal med tida gifta seg.
Fingerringar er slett ikkje dei einaste ringane me har. På kroppen kan me ha armringar, fotringar, øyreringar, naseringar og jamvel bilringar, og elles finst her nykelringar, årringar, OL-ringar, smultringar, rockeringar og altarringar. Det er store skilnader mellom desse ringane, men alle er sirkelforma og har ei opning i midten. I germanske mål er det vanleg å nytta ring (norr. hringr) om saker med slik form, jamfør islandsk hringur, færøysk ringur, svensk ring, dansk ring, engelsk ring, nederlandsk ring og tysk Ring. Ein gong for svært lenge sidan greidde ordet jamvel å smyga seg inn i finsk (rengas ‘ring, dekk, hjul’). Verbet ringja (‘kima, klinga; telefonera’) liknar mykje på ring, men det ser ikkje ut til å vera nokon skyldskap mellom orda – ringja er truleg eit ljodhermande ord. Me har elles mange stadnamn på Ring- (t.d. Ringebu, Ringerike, Ringsaker), men etymologien her er uviss.
Ring vert ofte nytta som førefeste når me talar om skapningar og saker som har noko ringforma på seg eller ved seg, jamfør ringblom, ringdue, ringsel, ringperm og ringbrynje – og ringbussen har ei ringforma rute. Av ring kjem verbet ringa, som me kan bruka om å setja ring på eller i nokon («ringa ein finger», «ringa stuten») og å laga ring. Me kan til dømes «ringa ut» ein kjole (skjera ut eit rundt eller halvrundt stykke, jf. utringing). Katten kan «ringa seg i hop» på golvet, og me kan «ringa inn» folk og dyr som me vil fanga (jf. omringa, innringa).
Dersom me vil verna nokon, seier me gjerne at me «slår ring om» dei. Dessutan kan me stå, gå, dansa, sitja eller liggja i ring, og her finst både ringleikar (t.d. slå på ringen) og ringdansar. Me kan òg bruka ring om grupper og lag, jamfør studiering, leikarring og venering. Når ringrevane går saman i ein slik ring, skal me vera på vakt.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.
Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB