Guds analytikar

Stormeister Jakov Murej (fødd 1941) var framleis aktiv i 2015.
Stormeister Jakov Murej (fødd 1941) var framleis aktiv i 2015.
Publisert

Jakov Murej voks opp i Moskva etter krigen, i ei vanskeleg tid for landet, men ei god tid for sjakk. Han tenkte berre sjakk, heile døgeret. Alt som ung gut kunne han sovna ved sjakkbrettet om kvelden. Når han vakna dagen etter, heldt han roleg fram med analysane frå den aktuelle stillinga på brettet. Han hadde ein unik fantasi og originalitet. Dei andre analytikarane forma omgrepet «ein Murej-idé». Stormeister Jurij Razuvajev, som trena 14 år gamle Magnus Carlsen i Moskva i 2005, kalla Murej «Guds analytikar».

Men ein kunne ikkje syna fram Murej blant folk. Han var ein fattig sjakkboms som ikkje høyrde heime i samfunnet. Sjakklitteraten Ilja Odesskij fortalde om ei oppleving frå sin eigen sjakkbarndom. Murej spela ei viktig turnering i Moskva med mykje publikum, men ni år gamle Odesskij la merke til at han i kvar einaste runde var plassert inst på scena, lengst frå publikum. Ein måtte gøyma han og spara publikum for synet av «Guds analytikar».

Verdsmeister Boris Spasskij, som sjølv emigrerte til Frankrike, gav Murej rådet om å emigrera til Israel i 1977. Då avhopparen Viktor Kortjsnoj spela hatkampen om VM-tittelen mot regimefavoritten Anatolij Karpov i 1978, var idémakaren Murej på plass som sekundant for Kortsjnoj. «Du må spela fransk forsvar», insisterte Murej før parti 32 på stillinga 5–5. Kortsjnoj høyrde heller på den sveitsiske elskarinna si og dei engelske sekundantane i teamet og spela ei ny opning og tapte VM-kampen 6–5. For fyrste gong i sjakkmiljøet synte Murej kjensler. Han gret.

I 1987 flytta Murej til Frankrike og levde som sjakkboms i Paris. Han var trenaren til den nye franske stjerna, juniorverdsmeisteren Joel Lautier, som seinare fortalde: «Det er umogleg å sjå føre seg ein slik mann. Han var ein boms som berre kunne prata om sjakk. Han visste alt om sjakk og leitte heile tida etter nye idear. Han hadde ikkje familie. Eg såg aldri ei kvinne innanfor ein radius av 20 meter.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement