Gudar og heltar IOm lag midt i den skinnboka me kallar av Den eldre EddaAllvismålDet fyrste kvedet om Helge

Publisert

Om lag midt i den skinnboka me kallar Codex Regius av Den eldre Edda, har skrivaren laga eit tydeleg skilje i den elles jamne tekststraumen. Etter siste verset i Allvismål har han hoppa over ei heil line – det er einaste gongen i boka – og fylt lina med ein lang tittel skriven i raudt. Så kjem Det fyrste kvedet om Helge Hundingsbane. Det tek til med ein stor byrjingsbokstav (initial), ein A på høgd med fem liner. Dei andre dikta plar òg ha stor byrjingsbokstav, men ikkje høgre enn tre liner. Det einaste diktet med like stor bokstav fyrst er Voluspå, diktet som opnar heile boka. Slikt er ikkje slump. Tittellina og den store A-en etter Allvismål seier klårt og tydeleg at her byrjar noko nytt.

Dikta i den fyrste bolken har stort sett gudar som hovudfigurar og vert gjerne kalla gudedikt. Dikta i den andre bolken har helst menneske som hovudfigurar – nokre av dei byggjer jamvel på røynlege personar – og vert gjerne kalla heltedikt. I omsetjingar av Den eldre Edda plar dikta vera ordna i to flokkar just som i handskriftet, men med éin viktig skilnad: Alle dei tre norske eddaomsetjarane har valt å setja Volundkvedet mellom heltedikta, jamvel om det i Codex Regius er plassert mellom gudedikta.

Volundkvedet er rett nok det einaste av gudedikta som ikkje fortel om nokon gud. Men å rekna det som heltedikt er heller ikkje så lett, for Volund ter seg ikkje som ein typisk helt, dessutan vert han omtala som alvekonge. Kvar skal diktet då stå? Om me les eddadikta etter kvarandre slik dei står i handskriftet, stikk det oss at rekkjefylgja er nøye uttenkt og at diktaren/redaktøren har ynskt å skapa koplingar og spel mellom dikta. Til dømes opnar det fyrste heltediktet med verselina «ár var alda» (‘i oppgavs tider’, eig. ‘tidleg var tidene’), akkurat som tredje strofa i Voluspå. Og dei heltedikta som er plasserte nærmast gudedikta, har fleire mytologiske innslag (t.d. valkyrjer, jotnar, atterføding) enn dei som står lenger ut i boka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement