Frå historia

Gudar er farlege folk

Girolamo Savonarola måla av Moretto da Brescia i 1524.
Girolamo Savonarola måla av Moretto da Brescia i 1524.
Publisert Sist oppdatert

Gudane er ei gruppe historia har fare ille med. Sjefgudar, som Zevs, Jupiter og Odin med familiane sine, er søkk borte, parkerte i fortida. I dag er det ingen som bed eller ofrar til dei. Ingen tenkjer på dei lenger.

Dei vart alle etter kvart vart fortrengde av andre gudar. Gudeverda var i utvikling.

Verre var det at mennesketanken kvikna til og byrja å sjå seg rundt i verda og gjere seg eigne tankar om det han såg. Mykje nytt trengde seg inn i menneskesinnet.

Og då viste det seg at det vart trongt der. For det var her, i menneskesinnet, at gudane hadde sitt rom og sin eksistens, ein eksistens som kvilte på menneskets tru. Når trua svikta, og guden var utan truande rundt seg, var det ute med denne guden.

Tanken at gudane er skapte i menneskesinnet og har sitt liv der, er gammal. Den greske historikaren Herodot, som levde 500 år før vår tidsrekning, meinte at nubiarane, som budde sør i Egypt, under ekvator, og var svært mørke, hadde svarte gudar, medan oksar hadde oksar til gudar. Slik vart gudane til.

Og desse gudane likna på dei menneska som hadde skapt dei, sa Herodot.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel