Frå historia
Gudane møter motstand
Utsnitt frå Peter Paul Rubens og Jan Brueghel: «Edens hage» frå ca. 1615, Mauritshuis.Utsnitt frå Peter Paul Rubens og Jan Brueghel: «Edens hage» frå ca. 1615, Mauritshuis.
Livet i Edens hage var ein skuldlaus idyll. Adam og Eva var begge nakne, og dei blygdest ikkje, fortel Moseboka.
Så dukka ormen opp, det sløgaste av alle villdyri som Herren Gud hadde gjort.
Og ormen stilte eit giftig spørsmål:
Kann det vera råd at Gud hev sagt at de ikkje må...?
Tvilen var sådd i Paradiset. Om tvilen ikkje kan flytte fjell, som trua skal kunne, så kan han rasere tru og lærebygningar. Så også her. Inspirert av ormen sette Adam og Eva Guds bod for Paradiset til side og gjekk sine eigne vegar. Ormen lova Adam og Eva at dei skulle bli liksom Gud og skjøne skilnaden på godt og vondt om dei åt av treet. Og resten er historie.
Ormen vart forbanna og dømd til å krype på buken og ete mold alle sine levedagar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.