Gud, staten og individet
Kvekarane nekta militærteneste, slik dei framleis gjer. Her ei samling på Stakland, truleg i 1947.
Foto frå «For min samvittigheds skyld...»
Gud/gudane og staten er to maktsenter i historia. Og som alle maktsenter har dei streva med kvarandre. I Romarriket var gudane langt på veg tilsette i staten, med ansvar for ulike delar av stats- og menneskelivet: krig og fred, vêr og vind, kjærleik og død og alt det andre. Gudane kravde dyrking og offer, religionen var ei statssak. Og når dei kristne ikkje ville tilbe gudane, var det opprør mot staten og måtte straffast. Med Konstantin overtok kristendommen staten, om det ikkje var omvendt.
Luther og reformasjonen sementerte forholdet mellom staten og kyrkja. Fyrsten bestemte religionen, og i Noreg har vi hatt statskyrkje fram til nyleg.
Men Luther løfte òg fram individet, ved at han gav individet tolkingsrett til Guds ord, kjelda til Guds vilje.
Dermed var det rydda plass til kristne rørsler og individ som med Guds ord i ryggen vende seg mot både staten og kyrkja. Ingen av dei tykte om det.
Under Napoleonskrigane vart fleire norske sjøfolk internerte i England, i prisonen, som Terje Vigen. Der vart nokre av dei kvekarar, ei ukjend rørsle i Noreg. Kvekarane var sjølvstendige, og ville ikkje ha noko med kyrkja å gjere. Dei heldt òg avstand til staten. Dei arrangerte til dømes privat dåp og eigne private gravferder, utan prest. Det vart politi, rettssaker, dom og fengsel. Ein mann i Stavanger gravla kona si utanfor kyrkjegarden, utan prest. Han vart i retten dømd til å grave henne opp att, så ho kunne få ei lovformeleg gravferd.
Kvekarane nekta militærteneste, slik dei framleis gjer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.