Frå bridgeverda
Gud er død
Harald Nordby hadde ofte grunn til å smile i bridgetevlingar. Her til venstre saman med Kåre Ivar Wang.
Foto: www.kvangraven.no
Så var det slutt for Nordbysjefen, eller Pusten, som han òg vart kalla. Ei absolutt legende.
Han kom frå ein pinsevenfamilie der kortspel ikkje var populært, men lærte bridge i friminutta på Oslo katedralskole, før den store interessa vart vekt i studietida på Blindern. Mange er dei briljante spelarane som har byrja bridgekarrieren ved å neglisjere studia til fordel for bridgefaget, men Nordby fekk ein yrkeskarriere innanfor programmering og var i tillegg ein dugande klassisk pianist.
Utover 60-talet vart han ein sentral medlem i bridgemiljøet rundt Casino restaurant i Stortingsgata, før karrieren for alvor tok av i makkerskap med Terje Pedersen, dels som representantar for den sterke klubben Golia. Nordby sopa inn fyrstepremiar i ymse tevlingar landet rundt, og i nasjonale meisterskapar enda han med 24 gull. Mange er dei som i årevis har gløtta lengtande oppover den norske meisterpoengstatistikken, berre for å finne Nordby på toppen. Men i seinare år vart han forbigått av Geir Helgemo og Tor Helness, Noregs største internasjonale stjerner.
Eg kan levande hugse den fyrste gongen eg møtte Nordby ved bordet – han var då alt ein aldrande mann. Makkeren min spela ein kontrakt, 1 grand, og mot slutten oppstod ei usemje om kor mange stikk han hadde fått. Makkeren min meinte åtte, Nordby meinte sju. Nordbys makker og kone Ellen Vigmostad blanda seg inn på vår side, for meg og makkeren min – tok fienden sitt parti, så å seia – og meinte òg at det var sju. Det vart diskutert fram og attende, vi tre andre mot Nordby, som stod på sitt. Til slutt tok kona tyren ved horna: «Trur du at du er Gud?» spurde ho mannen sin. «Ja», svara Nordby med tilforlateleg mine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.