Granola

Det hjelper ikkje kor god du er, om du pyntar på resultatet.

Skal frukosten sjå slik ut, tek det kanskje litt lengre tid, men gryn (eller granola) og mjølk er framleis kjapp mat.
Skal frukosten sjå slik ut, tek det kanskje litt lengre tid, men gryn (eller granola) og mjølk er framleis kjapp mat.
Publisert

Kva er den kjappaste frukosten du kan sette saman? Eg satsar ikkje livet på det, men trur likevel det er vanskeleg å slå gryn med mjølk. Di favorittmjølk med dine favorittkorn i ei skål – i våre tider betre kjend som frukostblanding, müsli, crüsli eller granola.

Kjapp innføring i gryn med mjølk à la 2018: Granola og crüsli er det same: gryn som er bakte i omnen for å verte ekstra sprø. Müsli er valsa gryn som er tørka, ikkje bakte. Frukostblanding er alt anna.

Dobbeltsiger?

Produkta vi skal byrje med denne veka, er to variantar av fyrstnemnde: granola. Representert ved Made by Berit Nordstrand Urkorn Granola puffet quinoa og Synnøve Finden Granola Jordbær. Dei to har likevel fleire ting til felles enn berre framstillingsmåten.

For det fyrste flaggar begge to eit terningkast på pakningen. Ikkje overraskande syner begge terningane seks auge, saman med orda «Best i test». Ikkje overraskande det, kanskje – så mange nettstader og helsemagasin som vier seg til slikt om dagen, er det nok ikkje vanskeleg å grave opp to ulike terningkast, og kvaliteten på testane gjer det ofte ikkje vanskeleg å oppnå toppscore.

Det er likevel ikkje tilfellet her. Både Berit Nordstrand og Synnøve Finden syner nemleg til same test: utført av nettstaden bramat.no i mars 2017.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement