Grågås i gråsona

Publisert

Mange dånar når håret grånar. Det kunne ha vore eit ordtak, men dei nedervde ordtaka som krinsar om grått hår, har som regel ei anna tilnærming til saka: «D’er betre vera grå enn snau.» «Betre grått hår enn inkje hår.» Me kan setja gråe hår i hovudet på folk, men nokre vert gråhærde og gråsprengde heilt utan slik innblanding. Både kommunegrått og sylvgrått hår står fint til stålgråe augo, og dersom me attpåtil er gråe i andletet, kan me gå i eitt med gråvêrsdagar og gråbeingardar.

Soga til adjektivet grå er mestsom sveipt i gråskodde. Me kjenner den norrøne forma (grár), og me kjenner ei rad andre germanske former (t.d. engelsk grey/gray og tysk grau), men sjølve opphavet til ordet er uvisst. Det er elles mykje som tyder på at grå er i ætt med verbet gry. Verbet kan ha hatt grunntydinga ‘gråna’, som sidan er endra til ‘(byrja å) lysna’. Me skal òg merkja oss at folk lenge har sagt gråbein (norr. grábeinn) for ‘ulv’. Norrønt grár vart dessutan nytta om uvenlege kjensler og huglag, jamfør samansetjingane gráleikr (‘illvilje, uvenskap’), gráligr (‘uvenleg’) og grályndr (‘fiendsleg, vondlyndt’).

Me kan framleis nytta grå og substantivet gråe (‘gråleik; uvenskap, uvilje’) om ugreie samband mellom folk: «Det er grått med oss.» «Det er ein gråe mellom dei.» Det er ikkje so moro med grått humør og gråe kvardagar heller, men det gråe er i alle fall ljosare enn det heilsvarte. Gråmeiser og gråselar er gråe i leten og har eit namn som målber just det. Slik er det òg med gråspetten, gråkvalen og gråtassen (opphavleg nemning for ulv). Lat oss heller ikkje gløyma gråsteinen, som me kan gjera mykje rart med: Me kan erta på oss ein gråstein og gjera gull av gråstein.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement