JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Grågås i gråsona

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2365
20191129
2365
20191129

Mange dånar når håret grånar. Det kunne ha vore eit ordtak, men dei nedervde ordtaka som krinsar om grått hår, har som regel ei anna tilnærming til saka: «D’er betre vera grå enn snau.» «Betre grått hår enn inkje hår.» Me kan setja gråe hår i hovudet på folk, men nokre vert gråhærde og gråsprengde heilt utan slik innblanding. Både kommunegrått og sylvgrått hår står fint til stålgråe augo, og dersom me attpåtil er gråe i andletet, kan me gå i eitt med gråvêrsdagar og gråbeingardar.

Soga til adjektivet grå er mestsom sveipt i gråskodde. Me kjenner den norrøne forma (grár), og me kjenner ei rad andre germanske former (t.d. engelsk grey/gray og tysk grau), men sjølve opphavet til ordet er uvisst. Det er elles mykje som tyder på at grå er i ætt med verbet gry. Verbet kan ha hatt grunntydinga ‘gråna’, som sidan er endra til ‘(byrja å) lysna’. Me skal òg merkja oss at folk lenge har sagt gråbein (norr. grábeinn) for ‘ulv’. Norrønt grár vart dessutan nytta om uvenlege kjensler og huglag, jamfør samansetjingane gráleikr (‘illvilje, uvenskap’), gráligr (‘uvenleg’) og grályndr (‘fiendsleg, vondlyndt’).

Me kan framleis nytta grå og substantivet gråe (‘gråleik; uvenskap, uvilje’) om ugreie samband mellom folk: «Det er grått med oss.» «Det er ein gråe mellom dei.» Det er ikkje so moro med grått humør og gråe kvardagar heller, men det gråe er i alle fall ljosare enn det heilsvarte. Gråmeiser og gråselar er gråe i leten og har eit namn som målber just det. Slik er det òg med gråspetten, gråkvalen og gråtassen (opphavleg nemning for ulv). Lat oss heller ikkje gløyma gråsteinen, som me kan gjera mykje rart med: Me kan erta på oss ein gråstein og gjera gull av gråstein.

Dersom noko ser grått ut eller held på å verta grått, kan me seia at «det grår (på)». Men kva for ein gråfarge er det tale om? Her finst mange nyansar av grått, til dømes oskegrått, blågrått, musegrått, blygrått, skitgrått og grågult. Det gråe er korkje kvitt eller svart, og i dette (uregulerte) grenselandet – òg kjent som gråsona – kan mykje underleg gå føre seg. Me kan til dømes låna pengar på den gråe marknaden (d.e. utanom dei vanlege kapitalinstitusjonane). Mange får grå stær (uklår augnelinse) når dei vert gamle og gråe, men «dei småe gråe» fungerer vel like fullt?

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis