Ord om språk

Golvliste på handlelista

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Kommunevalet nærmar seg, og vallistene vert eit heitt tema. Kven er listetopp? Kven er listefyll? Er det nokre spanande listesamarbeid på gang? Dei som står på lista, lyt ha sans for slikt som sakliste og talarliste, elles er det berre å stryka seg frå lista. Men kommunepolitikarar er radt ei raudlista art?

No har eg lista opp ein haug med lister, og slike opplistingar er det berre å venja seg til. Liste har fått overtenning etter mange år på venteliste! Då er det ikkje tale om å lista seg fram. Heller ikkje etymologisk er det nokon samanheng mellom liste og lista (‘gå varsamt, smyga’). Sistnemnde kjem av list (‘kløkt, lureri’, jf. listig), og den ordflokken har eit anna opphav enn liste.

Men liste og list (t.d. golvlist, pyntelist, listverk) heng i hop. Dei er strengt teke to former av det same ordet. Den eldste tydinga til ordet skal vera ‘rand, saum’. Ei list er just noko langt og smalt som tener som kant eller overgang mellom to flater. Stadnamnet Lista høyrer òg til her. Grunnlaget for namnet er dativ av norrønt listi (‘rand, kant’).

I høgdehopp og stavhopp er lista den stonga som det gjeld å koma seg over. Di høgare ho ligg, di vanskelegare er det. Det er vanleg å tala om denne lista i biletleg tyding, og folk er ofte rykande usamde om kvar ho skal liggja. Nokre tykkjer at lista er lagd for høgt, andre at ho er lagd for lågt.

Opphavleg viste liste òg til ei lang og smal handfast greie: ‘papirremse’. Ei liste er ikkje nøydd til å vera nedskriven eller prenta på papir, men lister flest er ei ‘skriftleg opprekning av personar, ting, ord eller tal (i loddrette rader)’, som Nynorskordboka seier. Nokre lister er leie å hamna på, som dødslista og svartelista.

Då er det betre å hamna på kortlista til ein gjæv pris (eng. shortlist), laga ein song som går rett inn på fyrsteplass på hitlistene (jf. listepop), stå øvst på resultatlista, hamna på verdsarvlista, ha ei lang merittliste og få alt som står på ynskjelista. Nokre lister er fyrst og fremst naudsynte eller hjelpsame, som hugselister, innhaldslister, timelister og vaktlister.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement