Godt skodd

Publisert

«Ein får skapa skoen etter foten, og ikkje foten etter skoen», seier ordtaket. Tilhøvet mellom fot og sko har i grunnen vore eit omtykt emne hjå ordtakmakarane. «Det vert ikkje alle skor sauma på same leisten.» «Det høver ikkje éin sko åt alle føter.» Sidan den same skoen sit ulikt på ulike føter, kan me bruka sko til å målbera at folk opplever ein situasjon ulikt, og at dei som er i situasjonen, ofte har ei anna forståing av han enn dei som står utanfor. Jamfør dette ordtaket, som finst i ymse variantar: «Det veit ingen kvar skoen trykkjer, utan den som har han på seg.»

Ordbøkene fortel at ein sko er ein «låg fotklednad». Det er ikkje ravande gale å nytta sko om høge fotklednader, som støvlar, og mange av oss nyttar ord som fjellsko og fjellstøvel om kvarandre. Me plar like fullt skilja mellom høge og låge fotbunader, og i germanske mål er det vanleg å nytta sko om det låge slaget (jf. norr. og isl. skór, fær. skógvur, eng. shoe, ty. Schuhosb.). Somme granskarar har kopla sko til ei indoeuropeisk rot som tyder ‘dekkja’, og då kan me tenkja oss at sko har hatt grunntydinga ‘det (skinnet) som dekkjer foten’. Eit betre framlegg, om me skal tru forfattarane attom Våre arveord, er at sko er i ætt med eit germansk verb som tyder ‘røra seg, ila, gå; henda’ – i moderne norsk kjent som skje. Då kan me tenkja oss at sko har hatt grunntydinga ‘det ein går på’.

Før i tida hadde folk eitt eller kanskje to par sko, medan mange av oss i dag har skor for ulike aktivitetar og årstider: vinterskor, sumarskor, penskor, joggeskor, skiskor og småskor. Kan henda brukar me skohorn eller skoskei når me skor oss, og kan henda steller me skorne med skobørste, skosverte eller annan skosmurning. Er skorne øydelagde, kan me gå til ein skomakar som held seg ved leisten sin, og få vølt dei der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement