Ord om språk

Godklump med klumpfot

Ord om språk
Publisert

Når ein snublar på ei klopp so klippfisken dett i myra og alt vert klabb og babb, er det lett å få klump i halsen og klandra seg sjølv. Då gjeld det å klubba ned den kjensla før ho vert ein klamp om foten, fara heim og laga til kleppsuppe i staden.

Er alle dei nemnde kl-orda runne av same rota? Me veit ikkje for visst at alle er det, til dømes vert klandra ofte kopla til ei anna ætt. Dessutan veit me ikkje om orda har slektningar utanfor germansk. Nokre meiner ja og knyter klump og gjengen til ei indoeuropeisk rot med tydinga ‘nysta opp, trykkja saman’. Om det er rett, er orda i ætt med latin glomus (‘nyste, rull, rund klump’), som me finn att i konglomerat (eig. ‘noko samanrulla’).

Klamp og klump er lånord og svingar seg ikkje i norrønt, men klepp og klopp var på plass alt då. Norrønt klöpp tydde ‘bru av nedlagde stokkar eller steinar (over t.d. myr)’. Lite har endra seg! Norrønt kleppr hadde hovudtydinga ‘klump’. Særskilt vanleg har det vore å nytta klepp om mjølbollar og klumpar i mjølmat (t.d. kleppmat, kleppmjølk, kleppsuppe).

Kva med Klepp i Rogaland? Der òg dreiar det seg om norrønt kleppr. Det kunne vera både manns­namn, tilnamn og gardsnamn. I stadnamn viser ordet ofte til ei høgd i lendet. Klepp er òg vorte nytta om ‘nake berg ved sjøen (nytta til fisketurking)’. Skrivemåten kleppfisk var offisielt godkjend fram til 2012, men no er det klippfisk som gjeld (jf. lågtysk klippfisch). Mange kjenner elles klepp som nemning for ‘stong med krok til å huka fisk med’.

Me kan seia at sausen «kleppar seg», men språkbrukarar flest står i ein klump og seier at han «klumpar seg». Klump skal vera nærskyldt klamp. Båe har vore nytta om stutte og tjukke trestykke og liknande. Nokre stader vert treskor kalla klumpar. Klamp i «klamp om foten» viser til det trestykket ein feste til framføtene på hest og andre husdyr for å hindra at dei gjekk for langt. Ikkje noko klampen i botn der, nei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement