Folk som skal bu tett opp til kvarandre, bør helst gå godt i lag. Fleirtalet av oss likar husfred og grannefred betre enn husbråk og nabokrangel, men å finna løysingar som alle synest vel om, er ikkje berre lett. Ein viss maktbalanse og fråstand kjem godt med. Som ordtaka seier: «For veike grannar er vondt, for sterke er stundom verre.» «Ein skal elska sin granne, men lata grinda standa.»
Granne og nabo er ulike ord med ulik bakgrunn, men båe orda vert nytta om nokon eller noko som bur eller er i nærleiken. Grannehjelp, grannekjerring, granneland og grannespråk er det same som nabohjelp, nabokjerring, naboland og nabospråk. Granne (norr. granni) er eit arveord som kan ha hatt denne germanske grunnforma: ga-raznán. Fyrstelekken ga- tyder ‘saman’, og sistelekken høyrer saman med eit germansk ord som tyder ‘hus’. Dette germanske hus-ordet finn me att i norrønt rann (‘hus, stort hus’) og verbet ransaka (eig. rannsaka), som tyder ‘leita i eit hus’. Granne har grunntydinga ‘den som bur i same huset’. Alt i mellomalderen var det vanleg å bruka ordet om folk som bur i andre hus i nærleiken, og den gongen hadde dei jamvel hokjønnsordet granna (‘grannekone, grannejente’). Grend er avleitt av granne.
Nabo er òg eit gamalt ord, og grunntydinga er ‘ein som bur nær’. Den norske forma av ordet kunne godt ha vore «nærbu(e)» eller «nærbuar», jamfør norrønt nábúi, men av ein eller annan grunn finst det inga nedervd, norsk form av dette ordet. Forma nabo er komen inn frå dansk, og i ordbøkene til Ivar Aasen er ikkje nabo med som oppslagsord. Der er det granne som gjeld – som i svensk. Tysk, engelsk og nederlandsk har eigne variantar av ordet (Nachbar, neighbour, nabuur), medan islandsk og færøysk både har granni og eigne former av nabo, høvesvis nábúi og nábúgvi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.