Gode gen

Sir Roger Penrose.
Sir Roger Penrose.
Publisert

Eg byrjar med faren. Lionel Penrose (1892–1972) var ein verdskjend britisk psykiater og professor i genetikk. «Penroses lov» seier at populasjonen i fengsel er omvend relatert til populasjonen på psykiatriske sjukehus. Mindre kontroversielle er dei fine sjakkproblema Penrose komponerte frå realistiske sluttspelstillingar. Kona Margaret var lækjar, og dei fekk fire born som alle spela sjakk og gjorde akademisk karriere i grenselandet genetikk, psykologi, matematikk og fysikk.

Saman med sonen Roger Penrose (f. 1931) publiserte far i huset teikningar av «umoglege objekt», til dømes «The Penrose Stairs» (1959), ei trapp der alle steg går både opp og ned. Det er slike paradoks vi sjakkspelarar elskar og perfeksjonerer i konstruerte sjakkproblem.

Ein annan son, Jonathan Penrose (f. 1933), vart òg forskar, men er mest kjend som sjakkspelar. I sjakk-OL i 1960 slo han regjerande verdsmeister Mikhail Tal i eit flott parti. Jamvel om han var ein sjakkamatør, vann han den britiske meisterskapen ti gonger mellom 1958 og 1969. I 1993, 30 år på etterskot, fekk han tittelen stormeister.

For nokre år sidan publiserte storebror Roger Penrose ei sjakkstilling som han meinte kunne fortelja oss noko djupt om skilnaden på menneskeleg og kunstig intelligens. Eit menneske skjønar snøgt at kvit held remis ved å gå att og fram med kongen, medan ein datamaskin vil rekna på milliardar av laupartrekk og feilaktig tru at svart til slutt vil vinna partiet med sitt store materielle overtak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement