Ord om språk

Gnikar med gnagsår

Publisert

Når kleda og skorne gneg, smågnagarane har kome seg inn i huset, og det er mas og gnag på alle sider, kan me trygt slå fast at det er noko som gneg oss. Venegnag toler me tolleg godt: Det er godmodig kiv mellom vener. Verre er det når svolten eller uvissa gneg, eller ei gnagande uro kjem over oss og ikkje slepper taket.

Gnaga (norr. gnaga) er eit ljodhermande ord. Både i norrønt og i dei norske målføra har bøyinga ymsa: Nokre stader har ordet sterk bøying (gneg – gnog – gnege), andre stader er det a-verb (gnagar – gnaga – gnaga). Det er ikkje heilt uvanleg å ha båe bøyingane i målet sitt og hoppa mellom dei. Dessutan ymsar framljoden. Attåt gnaga finst formene naga og knaga. Verbet naga (‘plaga psykisk’, t.d. «nagande tvil») kjem truleg frå tysk, men det er i ætt med gnaga.

Å gnaga er fyrst og fremst å bruka tennene på noko og skava bitar av det. Me kan gnaga kjøt av eit bein, og sauene kan snaugnaga marka. Men me brukar òg gnaga om noko som skubbar og mestsom et på huda. Gnagsår har me alle hatt, anten på hælane, hendene eller andre stader.

Me kan endåtil ha gnagsår i øyro, for me brukar ofte gnaga i biletleg tyding om masing: «Dei gneg på det same heile tida.» Eller ta dømet til Ivar Aasen i Norsk Ordbog: «Han gjekk her og gnog so lenge, at han laut faa det.» Jamvel seigt slit vert skildra som gnaging: «Dei driv og gneg med det enno.»

Og når ein tenkjer etter: Er det ikkje fælt mange ord for skubbing, skaving og mas som byrjar på gn-? Jau, det er mest so ein må gni seg i augo. Her er gni (el. gnida), gnika, gnissa, gnu, gnukka, gnura og gnåla. Me ser lett samanhengen mellom den gnikande gn-ljoden og det ordet viser til. Me lyt òg nemna gnisa, endå formene knisa og fnisa er vanlegare, og gnirka, endå knirka er bruka mest. Litt lenger ned i den ljodhermande gata finn me ord som knasa, knaska og knusa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement