Glasur på brilleglasa

Publisert Sist oppdatert

Glas knuser temmeleg lett, likevel kan folk finna på å slå i eller på glaset når dei vil ha ordet i festleg lag. Då er det som regel ikkje mjølkeglas, stoveglas eller reagensglas dei slår i, men fine drikkeglas, til dømes vinglas, sjampanjeglas eller dei vassglasa som berre vert nytta på høgtidsdagar. Å slå i pleksiglas eller glasfiberski er mindre vanleg, og det er ikkje like klår og fin låt i desse sakene heller.

Me brukar gjerne glas når me talar om det harde, gjennomsynlege emnet me alle kjenner so godt. Det kunne ha vore annleis. Før i tida nytta folk i Norden eit ord som enda på -r, jamfør norrønt gler. Ordet er framleis vanleg i islandsk (t.d. gleraugu ‘glasaugo, briller’), og me finn det i færøysk, der det vert nytta om spegelblank, tynn is. Ein annan leivning er det danske ordet glarmester (‘glasmeister’). Ordet glas (bokmål glass), som heilt eller til dels har trengt bort gler/glar, kjem frå lågtysk (jf. tysk Glas, nederlandsk glas, engelsk glas). Alle desse orda er nærskylde, og dei kjem truleg av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘vera gul el. ljos, skina’.

Glasur gjev keramikk og kaker ei glatt og skinande yte, og ikkje uventa er ordet i ætt med glas. Verbet glasera er òg i ætt med glas, men mykje tyder på at glasera dessutan er påverka av det franske verbet glacer, som mellom anna tyder ‘gjeva glans’. Grunntydinga til glacer er ‘få (noko) til å frysa’, og ordet er i ætt med latin glacies (‘is’), som har gjeve oss ord som glasiologi (‘vitskap om isbredar’) og svensk glass (‘iskrem, ispinn’, av fransk glace). Desse «is-orda» er ikkje i ætt med glas, jamvel om både forma på orda og sakene dei viser til, har mange sams drag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement