Glasur på brilleglasa
Glas knuser temmeleg lett, likevel kan folk finna på å slå i eller på glaset når dei vil ha ordet i festleg lag. Då er det som regel ikkje mjølkeglas, stoveglas eller reagensglas dei slår i, men fine drikkeglas, til dømes vinglas, sjampanjeglas eller dei vassglasa som berre vert nytta på høgtidsdagar. Å slå i pleksiglas eller glasfiberski er mindre vanleg, og det er ikkje like klår og fin låt i desse sakene heller.
Me brukar gjerne glas når me talar om det harde, gjennomsynlege emnet me alle kjenner so godt. Det kunne ha vore annleis. Før i tida nytta folk i Norden eit ord som enda på -r, jamfør norrønt gler. Ordet er framleis vanleg i islandsk (t.d. gleraugu ‘glasaugo, briller’), og me finn det i færøysk, der det vert nytta om spegelblank, tynn is. Ein annan leivning er det danske ordet glarmester (‘glasmeister’). Ordet glas (bokmål glass), som heilt eller til dels har trengt bort gler/glar, kjem frå lågtysk (jf. tysk Glas, nederlandsk glas, engelsk glas). Alle desse orda er nærskylde, og dei kjem truleg av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘vera gul el. ljos, skina’.
Glasur gjev keramikk og kaker ei glatt og skinande yte, og ikkje uventa er ordet i ætt med glas. Verbet glasera er òg i ætt med glas, men mykje tyder på at glasera dessutan er påverka av det franske verbet glacer, som mellom anna tyder ‘gjeva glans’. Grunntydinga til glacer er ‘få (noko) til å frysa’, og ordet er i ætt med latin glacies (‘is’), som har gjeve oss ord som glasiologi (‘vitskap om isbredar’) og svensk glass (‘iskrem, ispinn’, av fransk glace). Desse «is-orda» er ikkje i ætt med glas, jamvel om både forma på orda og sakene dei viser til, har mange sams drag.
Dei glasa me ser og nyttar oftast i dag, er nok glasplatene i briller og vindaugo (me brukar òg glas om heile stasen med karmar og alt, jf. kjellarglas, soveromsglas), i tillegg til dei sakene som har med matstellet å gjera (t.d. glasfat, glasflaske, sylteglas). Me skal likevel ikkje gløyma aukeglaset (eller forstørringsglaset), timeglaset, glasmålarstykka og glasvorne skapningar som glasmaneta. Det kan vera slitsamt med elefantar i glasmagasinet og stormar i vassglas, men steinkasting i glashus er nok det verste. Å knusa glastaket er derimot gjævt: Då bryt me gjennom eit (usynleg) hinder.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.