Gilde Russland

Dubiøse Dubov. Den uredde unge russaren vart verdsmeister på heimebane.
Dubiøse Dubov. Den uredde unge russaren vart verdsmeister på heimebane.
Publisert

Det mest fantastiske med Russland er mangfaldet.

På tre–fire veker makta russarane å få på plass den beste verdsmeisterskapen eg har sett. Den nye Fide-presidenten Arkadij Dvorkovitsj fekk i all hast flytta VM frå Saudi-Arabia til det vakre kunstsenteret Manesjen i hjartet av St. Petersburg. Dvorkovitsj, sjef for fotball-VM i 2018 og ein røynd sjakkorganisator, gjekk rundt i Manesjen med eit sympatisk og nøgd smil. Det same gjorde Aleksandr Zjukov, tidlegare president for den russiske olympiske komiteen, ein sterk sjakkspelar og sentral maktpolitikar som Dvorkovitsj.

Det offisielle Russland strålte saman med heimepublikumet – og den store stjerna Magnus Carlsen smilte attende. Men sjakknasjonen Russland, som stilte med hundre mann og 70 kvinner, måtte òg vinna gull, slik vi må vinna på heimebane under VM på ski. Russarane lukkast hos kvinnene i lynsjakken med siger til Jekaterina Lagno, som etter stor dramatikk skifte statsborgarskap i 2014, frå ukrainsk til russisk. Lagno, barndomsven med Sergej Karjakin frå Krim, stør partilina til Putin og det russiske sjakkforbundet.

Men den store overraskinga var sigeren i VM i hurtigsjakk til 22 år gamle Daniil Dubov frå Moskva. Putin gratulerte nøgd dei russiske vinnarane. Daniil miste bestefaren sin eit par dagar tidlegare, då heidersmannen Eduard Dubov (80), matematikar og kjend sjakkpersonlegdom, forlét husværet sitt midt på natta og fraus i hel i den russiske hovudstaden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement