Geometrisk geni
Like før han døydde i 1929, var Richard Réti på turné i Nord-Noreg.
I 1925 sette Richard Réti, matematikaren som hadde mist notata sine til doktorgraden, verdsrekord i São Paulo då han spela blindsimultan mot 29 motstandarar. Sjakkgeniet frå Slovakia måtte altså ha kontroll over 1856 felt og 928 brikker for det indre auga. Då han gjekk frå seansen, gløymde han den gule kofferten sin. Han fekk kofferten attende og orsaka seg: «Eg har så dårleg minne.»
Alt året før, i 1924, hadde sjakkmeisteren Tartakower kommentert denne kofferten som Réti alltid gløymde. «Der kofferten til Réti er, er Réti ikkje lenger å finna. Kofferten er difor prov på Rétis pre-eksistens», sa Tartakower, som var kjend for dei treffande formuleringane sine.
Réti braut beinet ein gong han gjekk ut or ein bil, og vart halt resten av livet. Ikkje lenge etter braut han ein arm òg. Men han lika å reisa og var den fyrste sjakkmeisteren som vitja Nord-Noreg: Bodø, Svolvær, Narvik, Harstad og Tromsø. Publikum var som vanleg imponert av blindsjakkoppvisingane, men Réti sjølv meinte at blindsjakksimultanar berre var eit spørsmål om enkel minneteknikk. Han var meir interessert i sjakk som kunst, som i den vesle geniale studien han komponerte i diagrammet. Ingen sjakkspelar kan vera likesæl til denne klassikaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.