Geniets tidtrøyte

Ivantsjuk slo Kramnik i siste runde av kandidatturneringa i London i 2013 og sytte for at Carlsen kvalifiserte seg til VM-kamp mot Anand.
Ivantsjuk slo Kramnik i siste runde av kandidatturneringa i London i 2013 og sytte for at Carlsen kvalifiserte seg til VM-kamp mot Anand.
Publisert Sist oppdatert

Vasilij Ivantsjuk (f. 1969) må vera den mest eksentriske toppspelaren i vår tid. Som sjakkspelar er ukrainaren briljant, i verdsmeisterklasse, men alle seier at geniet frå Lviv var for ustabil og emosjonell til å verta verdsmeister. I førre veke stilte Ivantsjuk opp live på internett og svara på spørsmål frå russiskspråklege sjakkfans. Eg lika bolken om den russiske konkurrenten Vladimir Kramnik.

Frå denne generasjonen fekk vi to verdsmeistrar: Kramnik (f. 1975) og Anand (f. 1969). Ivantsjuk fortel, overraskande nok, at han ikkje kjenner Kramnik særleg godt. Han har studert alle partia hans, sjølvsagt, men lenge kunne han ikkje skjøna kva for person Kramnik er. Om til dømes Karpov og Kasparov har Ivantsjuk mange historier, men om Kramnik har han berre éi.

Det var under ei turnering i Monaco. Ivantsjuk hadde med nokre romanar og slikt som han las om kveldane, men ein dag hadde han lese alt. Han ville lesa meir og vart desperat der han sat åleine på luksushotellet. Han fekk ideen om å vitja kollegaen Kramnik, som budde på det same hotellet. «Kva slags litteratur har du med deg?» spurde Ivantsjuk. Kramnik synte fram bøkene. «Les denne,» sa Kramnik og gav frå seg ei omsetjing til russisk av det siste bindet i serien På sporet av den tapte tid av franskmannen Marcel Proust.

Det skjer ikkje stort i dei fyrste seks binda, så kvar bok kan ein lesa for seg. Ivantsjuk gjekk attende til rommet sitt og byrja lesa. Dette var ei ny oppleving: Korleis kunne ei bok vera så uendeleg keisam? Men han valde å lesa vidare og kom seg igjennom. Boka var ikkje dårleg, ho var ikkje det, men ho var altså uvanleg keisam. Men boka reiste eit interessant spørsmål: Kvifor tykkjer Kramnik om henne?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement