Geniet frå Lviv
To klassikarar, det beste frå den sovjetiske sjakkskulen, i ei lukkeleg tid i 2018: kviterussaren (no Israel) Boris Gelfand til venstre og Vasilij Ivantsjuk.
Foto: Jeruchess
Eg kan halda det gåande denne våren, i denne spalta, med ukrainske sjakkheltar. Lista er lang. Men sjakkgeni? Det er ein merkelapp eg likar å misbruka; i verda mi er dei 16 klassiske verdsmeistrane geniale på kvar sitt vis, men paradoksalt nok er det Vasilij Ivantsjuk (52) frå Vest-Ukraina sjakkspelarar i vår tid ofte assosierer med ordet sjakkgeni.
Kva er det med Ivantsjuk? Kasparov sa alt i 1989 at ukrainaren aldri kunne verta klassisk verdsmeister. Han er for ujamn, har for mange kreative idear. Men når inspirasjonen kjem, kan han slå Kasparov eller Carlsen på spektakulært vis.
Kva hugsar ein best frå VM i snøggsjakk i 2016 i Qatar då Ivantsjuk tok tittelen føre Carlsen? Den ferske meisteren gløymde premieutdelinga av di han sat og spela eit parti dam. Då han sprang opp på podiet på overtid for å henta gullpokalen, kunne ein sjå at han framleis rekna variantar frå dampartiet. Fingeren hans gjekk dit, dit og dit – som ei dambrikke.
Ivantsjuk er ikkje ein sportsutøvar som jaktar fyrsteplassar, men ein kunstnar som lever for kreativiteten – anten det er i sjakk eller dam. Han lever for og i variantane. Ellen Carlsen fortalde om ein annan episode frå Qatar. Broren Magnus låg på bassengkanten, medan Ivantsjuk sumde att og fram. Med eitt stakk eit genialt hovud opp frå vatnet: «Did you think about Bishop e7?» «Yes, then Rook d8», svarte Magnus, og hovudet til Ivantsjuk forsvann på ny under vatnet.
I 1991 var unge Ivantsjuk nummer to på verdsrankinga, men Kasparov fekk rett. Ivantsjuk kunne aldri ta det siste steget. Likevel sette han spor på vegen: Då han slo Carlsen i kandidatturneringa i London i 2013, trudde vi at ukrainaren øydela for den norske VM-draumen. Men i siste runde, i ei turnering der uutgrundelege Ivantsjuk hadde fortapt seg i variantane og tapt fem (!) parti på tid, berga han Carlsen ved å slå konkurrenten Kramnik.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.