Sjakk

Geniduell

Eit vakkert møte mellom Carlsen og Ivantsjuk i Baku.
Eit vakkert møte mellom Carlsen og Ivantsjuk i Baku.
Publisert

Fyrste duell i verdscupen i august: Ivantsjuk trong seks parti for å slå ut ein stormeister frå Chile, medan Carlsen vann 2–0 mot ein georgiar. Andre duell: Carlsen vann snøgt 1,5–0,5 mot landsmannen Tari, medan Ivantsjuk etter fire parti slo ut den 30 år yngre kinesaren Wei Yi, som for nokre år sidan var rekna som det største talentet i verda. Tredje duell: Både Carlsen og Ivantsjuk trong seks parti for å vinna – Carlsen mot ein ung tyskar og Ivantsjuk mot ein tyrkisk stormeister.

Så fekk vi endeleg eit genimøte i verdscupen i Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan. Det var ei kjensle av at dette kunne vera siste gongen. Vasylj Ivantsjuk (54) frå Lviv har ikkje spela turneringar på lang tid. Og kvifor skulle han det? Heimlandet hans er under åtak.

47 år gamal i 2016 vann Ivantsjuk mot Carlsen og tok sigeren i VM i snøggsjakk, men det er berre ein parentes i eit portrett. Det er ikkje resultata hans som imponerer, men kreativiteten, dei originale ideane, fanatismen. Garri Kasparov, som tapte stygt mot Ivantsjuk eit par gonger på 90-talet, sa: «Kan henda skjønar Ivantsjuk dette spelet på eit djupare plan enn nokon av oss andre.»

«Du som alltid tenkjer på sjakk, når kan du kvila?» vart han spurd ein gong. «Mellom variantane», svara Ivantsjuk.

Russaren Aleksandr Khalifman, tidlegare Fide-verdsmeister, kommenterte no frå Baku: «Når kollegaer nyttar merkelappen ‘geni’ om Ivantsjuk, er det ikkje eit tomt ord, men ei kompetent vurdering.» Alt i 1991 var Ivantsjuk nummer to i verda bak Kasparov, men ingen trudde han kunne verta verdsmeister. Han var ikkje ein idrettsmann, men eit eksentrisk geni.

«Kva tenkjer du om at alle kallar deg for eit geni?» «Eg kan ikkje hugsa at det har plaga meg», svara Ivantsjuk for nokre år sidan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement