Geni i rein form
John Nash og Magnus Carlsen møttest i 2015.
Skjermdump frå NRK
Magnus Carlsen vil aldri vera så dum at han tek ein IQ-test. I alle høve vil han ikkje gå ut med talet offentleg. Den største genistreken i sjakkhistoria er jo at vi har fått resten av verda til å tru på ideen om sjakkpartiet som ei intelligenstevling i rein form – hjerne mot hjerne, med objektive kriterium utan flaks og hjelpemiddel, smørjebom eller dårlege orsakingar.
Er den beste sjakkspelaren eit geni? Amerikanaren Bobby Fischer sa mykje rart, men hadde eit godt svar her: «Geni er berre eit ord. Om eg vinn, er eg eit geni. Om eg ikkje vinn, er eg det ikkje.» Carlsen har òg fått spørsmål om han er eit geni: «Æh, eg veit ikkje kva det vil seia», var det djupe svaret hans.
For oss som ser på Fischer og Carlsen frå utsida, er det ikkje nokon tvil: Dei to kvalifiserer til merkelappen sjakkgeni. Og meir enn det: Av dei 16 verdsmeistrane i kongerekkja frå 1886 til vår tid kan ein argumentera for at Fischer og Carlsen er dei mest geniale: to einsame sjakkgeni i rein form. Dei to kan ikkje anna enn å spela sjakk.
Då den geniale matematikaren John Nash skulle henta Abel-prisen i 2015, bad han om eit møte med Carlsen. Og det fekk han. Det var eit logisk møte på mange vis. Nash skjøna at Carlsen var det næraste han kunne koma Abel i Oslo. Som vårt matematiske geni Niels Henrik Abel (1802–1829) dukka Carlsen heilt uventa opp frå ein avkrok, slik eit geni gjerne gjer. Abel døydde fattig av tuberkulose i Paris, 26 år gamal. Abel-prisen til Nash enda òg i tragedie då Nash og kona på veg heim frå flyplassen i USA døydde i ei bilulukke.
Men Nash vart kor som er udøyeleg i populærkulturen gjennom filmen A Beautiful Mind. Dei beste filmane om Fischer, som Bobby Fischer Against the World, og Carlsen, som i den internasjonale suksessen Magnus frå 2016, appellerer til publikum på same vis gjennom å dyrka det fascinerande og udefinerlege geniomgrepet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.