Geitemjølk

Kvalitetskrav kan ikkje gå på kostnad av geita sjølv.

Geiter på beite. Kan kvalitetskrav gjere dette umogleg i framtida?
Geiter på beite. Kan kvalitetskrav gjere dette umogleg i framtida?
Publisert

Kven er hakkekyllingen i norsk husdyrproduksjon? Det er liten tvil om kven som er kongen på haugen: Mjølk, utan fleire heftingar, er synonymt med kumjølk, og kua gjev oss biff, kjøttdeig, smør og kvitost. Sauen er beitepussaren og landskapsopnaren, grisen sørger for pølsebursdag og juleribbe, kyllingen er klimaalibiet i visse krinsar.

Då står vi att med geita. Trass i tallause barnesongar og turistbiletmotiv: Geita har ikkje særleg stor plass i norsk landbruk. Under 200 bønder held tradisjonen, kunnskapen og ikkje minst buskapen levande – og talet går nedover. Interessene til geitenæringa kjem sjeldan høgt på kravlista når jordbruksforhandlingane går i gang. Er det difor geita står så lagleg til for hogg?

Litt teknikk

For hogd, det vert ho. For å skjøne korleis må vi eit lite stykke inn i den tekniske landbrukssjargongen: I årevis har forholdstalet på geitemjølk vore under 1. Det vil seie at geitebønder får levere mindre mjølk enn dei har på kvota: I år er forholdstalet 0,96. Om kvota er 100.000 liter, vil det seie at ein berre får levere 96.000 liter. Tidlegare i år vart mjølkeprisen redusert med over 30 øre per liter. I tillegg har krava til kvalitet vorte høgare: Høgare krav til tørrstoffinnhald, strengare teljing av bakteriar i mjølka og no, når Tine har på høyring (i eigen organisasjon) framlegg til nytt kvalitetsregelverk for mjølkelevering, strengare krav til celletal i den leverte mjølka.

Celletal er ein del av mat­-
produksjonen vi forbrukarar skal vere glade for at nokon andre tenker på for oss. Det er nemleg heilt usynleg, temmeleg komplisert og ganske viktig for kvaliteten vi får inn på kjøkkenet. Eit celletal fortel kor mange kvite blodlekamar det er i mjølka. Det seier noko om helsetilstanden til dyra som har gjeve mjølka: Ved ein betennelse, til dømes, går kvite blodlekamar frå blodet over til mjølka for å slåst mot dei skadelege bakteriane. Slik er lågt celletal eit dyrevelferdstiltak.

Men å få celletalet i mjølka ned til null er i praksis umogleg – særleg i geitemjølk. Celletal i geitemjølk er nemleg høgare enn i kumjølk: Der Tine reduserer mjølkeprisen ved 250.000 talde blodlekamar i kumjølk, er talet 1,2 millionar i geitemjølka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement