Gåvepakke til trollpakket

Publisert

Nokre av oss har lett for å pakka inn orda våre i bomull. Andre sender dritpakker utan å blygjast. Kva med språkleg vakuumpakking, kunne det ha vore noko? Det er vel elles mange som har hatt hug til å ta sluttpakke og reisa på pakketur i år. Å halda meteren og nytta munnbind og handsprit og heile pakka er ikkje like moro.

Dei siste vekene har mykje dreia seg om pakkene under treet, men her skal me samla oss om sjølve ordet pakke. Det er i nokon mon ei forundringspakke, for opphavet veit me lite om. Etter alt å døma er det eit germansk ord. Me finn pakke i romansk òg (it. pacco, fr. paquet), men det skal vera lånt frå germansk. Ordet kom inn i nordisk frå lågtysk, og det ter seg i norrønt (pakki). I den same ætta finn me inkjekjønnsordet pakk og verbet pakka. Desse tre orda var so godt innarbeidde i norsk på 1800-talet at dei fekk vera med i Norsk Ordbog (1873) av Aasen. Han opplyser at pakke er hokjønnsord nokre stader, og han sleppte den varianten inn i landsmålet. Målfolk har soleis hatt høve til å velja kjønn på pakke (hankjønn el. hokjønn) heilt sidan byrjinga.

Inkjekjønnsordet pakk er nok opphavleg same ordet som pakke, men dei to har vakse litt frå kvarandre. Pakk kan tyda ‘(ferda)gods’, som i setningane: «Han tok pakket sitt og gjekk.» «Dei flytta med pikk og pakk» (jf. òg pikkpakk). Me kan òg bruka pakk om (ei gruppe) personar som me mislikar eller vanvyrder, jamfør kjeltringpakk, tjuvepakk og trollpakk. Denne tydinga hadde visst opphavleg med hærstellet å gjera. Mellom anna i tysk vart ordet nytta om ferdagodset til hæren, seinare vart pakk òg nytta om drengene som fylgde med hæren og vakta på ferdagodset, og desse drengene hadde eit heller dårleg ry.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement